Kaptein Tommy Kanishi la ikkje noko imellom i taklingane.

(Vestnes Varfjell - Åndalsnes 0-3) Eit nykomponert Vestnes Varfjell-lag fekk det som venta tøft då topp-tippa Åndalsnes var gjestar i seriepremieren fredag.

Kaptein Tommy Kanishi Andreassen gjekk føre og takla så det lukta svidd i starten, men ellers vart det litt for forsiktig frå heimelaget. Laget gav vekk ballen for lett og greide aldri å skape noko framover.

Lenge sto det likevel 0-0, men på ein corner glapp markeringa og Eskil Bersås fekk heade inn 0-1. 0-2 kom på eit skot frå Ronald Dutra Paiva som gjekk via ein uheldig Svein Erik Lange Male og i mål. Rett før pause spratt ballen i tverrliggaren etter ein duell i Varfjell-forsvaret. 0-2 ved halv tid.

0-1 kom på ein corner.

ÅIF varta opp med eit fint angrep rett etter pause og Paiva avslutta med eit skot i krysset. Sjølv om gjestane hadde ballen og styrte det meste, skapte dei ikkje så mange sjansar utanom skåringane.

Heimelaget hadde eit par gode angrepsforsøk tidleg i andre omgang, men kom ikkje nærare enn eit skot utanfor etter eit raid frå William Hjelvik.

Dessverre mangla ein skadd Kristian Flittie Onstad i midtforsvaret for heimelaget. Her gjorde likevel Simon Kjørvik og Svein Erik Lange Male ein god jobb.

Trenar Odd Hjelvik seier til Bygdebladet etter kampen at dei prøvde å ligge lågt frå start og dra ned tempo.

- ÅIF var effektive, og skårar på to av tre sjansar før pause, sa Hjelvik etter kampen.

Han legg til at dei prøvde med eit litt høgare press etter pause, utan at vi lykkast heilt med det.

- Men ut frå treningsgrunnlaget og mannskapet vi har, er eg ikkje misfornøgd med prestasjonane. Her er absolutt ting å ta med seg vidare, sa Hjelvik.

Måndalingane Rudi Samseth (nærast) og Fredrik Lie debuterte.

Tre spelarar debuterte i obligatorisk a-lagskamp for Vestnes Varfjell: Fredrik Lie og Rudi Talberg Samseth frå samarbeidslaget Måndalen samt veteranen Ole Alexander Ulvestad. 

Rundt 180 tilskuarar, inkludert mange frå stasjonsbyen og også nokre med skjerf med støtte til begge lag.

Neste kamp er mot Malmefjorden andre påskedag, også den på Vestnes etter at laga har vorte samde om å snu oppgjeret då bana i søre Fræna ikkje er speleklar.

Odd Hjelvik leia laget i første seriekamp i år, han trente laget sist i 1999.

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell - Åndalsnes 0-3 (0-2)

4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 11. april 2025 kl 19

Vestnes Idrettspark, 180 tilskuarar

Mål:
0-1 (17) Eskil Bersås

0-2 (33) Ronald Dutra Paiva

0-3 (46) Ronald Dutra Paiva

Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, FCK. Assistentdommarar: Eirik Stenberg, Elnesvågen og Håkon Skram, Frei

Gult kort: Leo Krogseth, Vestnes Varfjell (75)

Vestnes Varfjell (4-5-1)

12 Egil Dalhaug
9 Magnus Nerheim
22 Simon Ødegård Kjørvik
23 Svein Erik Lange Male
25 Sverre Olgar Lindset
8 Vegar Bjørkevoll Skare
10 Leo Villa Krogseth
17 Fredrik Lie Debutant
20 William Pedersen Hjelvik
80 Tommy Kanishi Andreassen (kaptein)
7 Elling Furland Olafsen


Innbyttarar:
12 Lars Håvard Heen Lien  (ikkje benytta)
2 Håkon Ødegård Kjørvik 78. min for Nerheim
3 Ole Alexander Mekvik Ulvestad 70. min for Lie (debut)
6 Ørjan Tangen 63. min for Kanishi
14 Knut Stian Eik 46. min for Olafsen
27 Magnus Skorgen Søraas 60. min for Hjelvik
95 Rudi Talberg Samseth 38. min for Skare (debut)

Tor-Bjarne Løvik Salte spelte heile kampen for Åndalsnes.

Bildegalleri under:

DSC_5460
DSC_5460
DSC_5466
DSC_5466
DSC_5471
DSC_5471
DSC_5472
DSC_5472
DSC_5473
DSC_5473
DSC_5474
DSC_5474
DSC_5475
DSC_5475
DSC_5476
DSC_5476
DSC_5477
DSC_5477
DSC_5478
DSC_5478
DSC_5479
DSC_5479
DSC_5480
DSC_5480
DSC_5481
DSC_5481
DSC_5482
DSC_5482
DSC_5483
DSC_5483
DSC_5484
DSC_5484
DSC_5485
DSC_5485
DSC_5486
DSC_5486
DSC_5487
DSC_5487
DSC_5488
DSC_5488
DSC_5489
DSC_5489
DSC_5490
DSC_5490
DSC_5491
DSC_5491
DSC_5492
DSC_5492
DSC_5493
DSC_5493
DSC_5494
DSC_5494
DSC_5495
DSC_5495
DSC_5496
DSC_5496
DSC_5497
DSC_5497
DSC_5498
DSC_5498
DSC_5499
DSC_5499
DSC_5500
DSC_5500
DSC_5501
DSC_5501
DSC_5502
DSC_5502
DSC_5503
DSC_5503
DSC_5504
DSC_5504
DSC_5505
DSC_5505
DSC_5506
DSC_5506
DSC_5507
DSC_5507
DSC_5508
DSC_5508
DSC_5509
DSC_5509
DSC_5510
DSC_5510
DSC_5511
DSC_5511
DSC_5512
DSC_5512
DSC_5513
DSC_5513
DSC_5514
DSC_5514
DSC_5515
DSC_5515
DSC_5516
DSC_5516
DSC_5517
DSC_5517
DSC_5518
DSC_5518
DSC_5519
DSC_5519
DSC_5520
DSC_5520
DSC_5521
DSC_5521
DSC_5522
DSC_5522
DSC_5523
DSC_5523
DSC_5524
DSC_5524
DSC_5526
DSC_5526
DSC_5527
DSC_5527
DSC_5528
DSC_5528
DSC_5529
DSC_5529
DSC_5530
DSC_5530
DSC_5531
DSC_5531
DSC_5532
DSC_5532
DSC_5533
DSC_5533
DSC_5534
DSC_5534
DSC_5535
DSC_5535
DSC_5536
DSC_5536
DSC_5537
DSC_5537
DSC_5538
DSC_5538
DSC_5539
DSC_5539
DSC_5540
DSC_5540
DSC_5541
DSC_5541
DSC_5542
DSC_5542
DSC_5543
DSC_5543
DSC_5544
DSC_5544
DSC_5545
DSC_5545
DSC_5546
DSC_5546
DSC_5547
DSC_5547
DSC_5548
DSC_5548
DSC_5549
DSC_5549