Kampen mot Malmefjorden andre påskedag endte med eit surt 1-2-tap. Elling Olafsen sendte oss i leiinga, men to straffespark avgjorde kampen for gjestane.
Toppskåraren opna skåringskontoen for sesongen då han sendte ballen forbi ein utrusande keeper etter 21 minutt i Vestnes idrettspark. Målet kom etter fint trekantspel med Jon Areas Venås.
Før det hadde same Venås hatt ein stor sjanse då han fekk ballen på bakre stolpe etter fem minutt. Tommy Kanishi vart hindra av ei god redning og Simon Kjørvik skaut utanfor aleine med keeper.
Etter ein halvtime fekk gjestane straffespark. Dommar meinte Svein Erik Lange Male hadde vore oppe med ein for høg fot på eit innkast. 1-1 frå straffemerket vart dermed også gjestane sitt første skot på mål.
Heimelaget heldt fram med å presse og hadde fortent fleire mål før pause. Venås skaut i stolpen og ut. Så var Male frampå då eit frispark vart lagt inn i feltet, men keeper rekk å plukke ballen. Så fann Venås Kanishi som blir felt, men dommar dreg frisparket utanfor 16-meteren. Det ender ikkje i noko, og dermed sto det 1-1 til pause.
Heimelaget greidde ikkje å halde oppe same presset etter kvilen, men gjestane var aldri farlege. Venås har ein ny stor sjanse, men var akkurat litt for seint på eit framspel.
Kampen var avgjort først heilt mot slutten, på eit nytt straffespark. Det skjedde til store protestar og Ørjan Tangen fekk sjå det raude kortet. Han skulle eigentleg vore bytta ut då dette skjedde, men fekk ikkje lov.
Dette var ein kamp Vestnes Varfjell skulle og burde ha vunne. Malmefjorden hadde to skot på mål, og begge var straffespark!
Vestnes Varfjell-trenar Odd Hjelvik oppsummerte kampen slik til Bygdebladet:
- Vi får to billige straffespark imot. Utover det slepp Malmefjorden nesten ikkje til. Også vi varierer i prestasjonane, og er gode dei første 20 minutta etter pause, men blir etter kvart slitne. Elles er det framgang sidan førre kamp mot Åndalsnes, og fleire lovande unggutar viser at vi har noko på gang.
Kristian Flittie Onstad debuterte etter å ha stått over serieopninga på grunn av skade. Veteranen har alt i treningskampane vist at han blir ein viktig dirigent på dette laget. Også to andre debuterte. Jon Areas Venås frå Måndalen viste teikn på at han blir ein viktig mann når måla skal skårast, Odd Johann Ludviksen, med fortid i AK og Ellingsøy, jobba godt.
Kampfakta:
https://www.fotball.no/fotballdata/kamp/?fiksId=8724958
Vestnes Varfjell - Malmefjorden 1-2 (1-1)
4. divisjon, 21. april 2025 kl 14
140 tilskuarar i Vestnes idrettspark
Mål:
1-0 (22) Elling Olafsen
1-1 (31) Espen Schøn Outzen, straffe
1-2 (82) Lars Joar Inderberg, straffe
Dommar: Modolf Holm, Isfjorden
Raudt kort: Ørjan Tangen (81)
Gult kort: Leo Krogseth (52), Jon Venås (72), Egil Dalhaug (80), Vestnes Varfjell. Espen Schøn Outzen (26), Erik Gravem (75), Malmefjorden
Vestnes Varfjell (4-4-2):
12 Egil Dalhaug
6 Ørjan Tangen
27 Kristian Flittie Onstad debut
23 Svein Erik Lange Male
9 Magnus Nerheim
66 Jon Areas Venås debut
11 Sverre Olgar Lindset
80 Tommy Kanishi Andreassen (K)
22 Simon Ødegård Kjørvik
7 Elling Furland Olafsen
10 Leo Villa Krogseth
Innbyttarar:
20 William Pedersen Hjelvik 35. min for Krogseth
10 Krogseth 46. min for Olafsen
5 Rudi Talberg Samseth 57. min for Nerheim
7 Elling Furland Olafsen 76. min for Krogseth
8 Odd Johann Ludviksen debut 84. min for Venås
3 Ole Alexander Mekvik Ulvestad 86. min for S Kjørvik
2 Håkon Ødegård Kjørvik ?
18 Ole Håkon Heen Lien ?
Ubenytta:
15 Andreas Hamnes Lønset (strøket)
95 Magnus Skorgen Søraas (strøket)
99 Carlos Felipe Gonzalez