Foto: Lars Jørgen Skjegstad

Det endte 2-2 i generalprøven borte mot Emblem fredag kveld.

Det stod 1-1 ved pause. Elling Olafsen sendte Vestnes Varfjell i leiinga då han avslutta ei kontring med å riste av seg to forsvarar og sette ballen forbi keeper. Vertane utlikna på ein corner som gjekk rett i mål. Varfjell hadde også ei avslutning i tverrliggaren før pause.

Emblem, som spelar i 5. divisjon på Sunnmøre, tok leiinga på enda ein corner - denne gong etter ei heading. Like etter utlikna Jon Areas Venås, nykommer frå samarbeidslaget Måndalen. Vestnes Varfjell var i tillegg fleire gongar igjennom og hadde sjansar til å vinne kampen.

Fleire mangla også til denne kampen, men to mann frå samarbeidslaget Måndalen debuterte: Fredrik Lie og John Venås. Det er venta at også fleire frå Måndalen skal melde overgang slik at dei kan spele på begge lag.

No dreg laget heim for å trene laurdag. Seriestarten er heime mot Åndalsnes om ei veke.

KAMPFAKTA:

Emblem - Vestnes Varfjell 2-2 (1-1)

Treningskamp, fredag 4. april 2025 kl 18.30

Lampholmen stadion, 30 tilskuarar

Mål:

0-1 (20) Elling Olafsen

1-1 (41)

2-1 (68)

2-2 (70) Jon Areas Venås

Vestnes Varfjell (4-4-2:) Egil Dalhaug: Ole Ulvestad, Kristian Flittie Onstad (k), Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim - Fredrik Lie, Sverre Lindset, Magnus Skorgen Søraas, William Hjelvik - Leo Krogseth, Elling Olafsen

Innbyttarar: Jon Areas Venås, Eirik Hurlen, Andreas Lønseth, Andreas Hole.  Carlos Felipe Gonzalez (keeper/ubenytta)