(Stordal/Ørskog - Vestnes Varfjell 3-1) Det blei tap 1-3 borte mot samarbeidslaget Stordal /Ørskog frå 4. divisjon Sunnmøre i laurdagens treningskamp. Tommy Kanishi Andreassen reduserte i andre omgang.
Det var to lag med ei ulik sesongoppkøyring som møttest på Kirkebø-kunstgraset laurdag ettermiddag. Medan Vestnes Varfjell framleis var utan trenarar, finpussa naboane frå andre sida av fjellet formen på treningsleir i Tyrkia.
Det var då også Stordal/Ørskog, med tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Oliver Connor Søreng frå start, som opna best. Vestnes Varfjell låg lavt og forsvarte seg godt, men etter eit kvarter var heimelaget først på ein retur og sette inn 1-0. 2-0 kom etter eit fint angrep der Vestnes Varfjell ikkje hang med, medan eit susande frispark frå 17 meter sørga for 3-0 til pause.
Tommy Kanishi skåra andre omgangs einaste mål då han reduserte då han snappa eit svakt utspel og skaut til side for keeper. Gjestane var best første halvdel av omgangen. Mot slutten vart det mange bytter og laget hadde nok med å forsvare seg. Stordal/Ørskog hadde også eit skot i tverrliggaren og det var også ei redning på strek.
Rapportane fortel elles at Vestnes Varfjell spelte ein god kamp mot eit av laga som er venta å kjempe i toppen av 4. divisjon på Sunnmøre. Kristian Flittie Onstad spelte sin første kamp for klubben. Den tidlegare Tomrefjord-trenaren og -spelarar med fortid i toppfotballen for mellom anna Lyn, Brann og Stabæk, dirigerte forsvaret med si rutine.
Ørjan Tangen var flytta fram på midtbanen då nytt fråfall har gjort at trenarane igjen må tenke nytt. Neste kamp er mot Emblem om ei veke.
På Øran har Måndalen/Vestnes Varfjell 2 tapt 2-3 mot Dombås.
KAMPFAKTA
Stordal/Ørskog - Vestnes Varfjell 3-1 (3-0)
Treningskamp, laurdag 29. mars 2025 kl 16
Kirkebø stadion, 50 tilskuarar
Mål:
1-0 (15) Vebjørn Nakken
2-0 (20) Elias Stavseng
3-0 (39) Magnus Kaldhusdal
3-1 (60) Tommy Kanishi Andressen
Dommar:
Vestnes Varfjell (4-4-2): Egil Dalhaug; Sverre Lindset, Svein Erik Lange Male, Kristian Flittie Onstad, Magnus Nerheim - William Hjelvik, Tommy Kanishi Andreassen, Ørjan Tangen, Leo Krogseth - Knut Stian Eik, Eirik Hurlen
Innbyttarar: Håkon Kjørvik, Andreas Hole, Markus Lyslo, Ole Ulvestad, Carlos Felipe Gonzalez (keeper)