Tor-Bjarne Løvik Salte er Varfjells nye nummer 10 og kaptein.

(Vestnes Varfjell - Hjelset-Kleive 2-1) Skåringar av Knut Stian Eik og Willam Hjelvik var nok til å sikre seier 2-1 i treningskampen mot Hjelset-Kleive laurdag. Seieren kunne vore større i det som gjerne blir omtalt som ei "grei gennomkøyring" med mange bytter og tre debutantar.

Første omgang var mållaus, men det mangla ikkje på sjansar for heimelaget i medvinden. 

Salte farleg frampå med ei heading i ein av mange sjansar før pause.

Kaptein Tor-Bjarne Løvik Salte leia an i det som vart ei einvegskøyring mot målet til gjestane i første omgang. Sjølv var han nære på med ei heading som hamna rett på keeper. Også Leo Krogseth og William Hjelvik -- begge framtredande i det offensive spelet -- hadde store sjansar i første omgang.

1-0 og 2-1 kom like etter pause.

I andre omgang løsna det. 1-0 kom då dagens bursdagsbarn Knut Stian Eik var frampå og sette ballen i mål. Gjestane ulikna på sitt første skot på mål i kampen, men 2-1 kom ikkje lenge etterpå då William Hjelvik var spelt igjennom av Tommy Kanishi Andreassen.

Ole Alexander Ulevestad har ikkje gløymt gamle kunster.
Andrea Hole debuterte og hadde ein stor sjanse med ein gong der keeper måtte felle han.
Markus Lyslo stilte på kort varsel og fekk sin debut på A-laget.

I andre omgang fekk tre spelarar sine første minutt for a-laget til Vestnes Varfjell - ein veteran og to unggutar. Ole Alexander Ulvestad gjorde comeback som midstoppar med godt overblikk og presise pasningar. Han har fortid i mellom anna Molde og Alta, men det er nokre år sidan. Gutespelarane Andreas Hole og Markus Lyslo fekk også prøve seg, og begge viste at dei blir viktige å ha med i ein stall som har blitt mindre og mindre i løpet av vinteren.

Også toppskårar Elling Olafsen sesongdebuterte og var nære nettkjenning på slutten.

Imponerande mange hadde tatt turen i vårvær og 15 varmegrader. Det er godt å sjå at publikum støttar laget i det som har vore ei trøblete sesongoppkøyring på mange måtar.

Dagens gjestar spelar i 5. divisjon. Der berga dei plassen etter at Eidsvåg trekte seg, og i løpet av vinteren har dei fått fleire spelarar frå nettopp Eidsvåg.

Neste kamp er borte mot Stordal/Ørskog om ei veke.

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Hjelset-Kleive 2-1 (0-0)

Treningskamp, laurdag 22. mars 2025 kl 16

Vestnes idrettspark, 70 tilskuarar

Mål:

1-0 (47) Knut Stian Eik

1-1 (53) 

2-1 (56) William Hjelvik

Dommar. Eren Aksoy

Ingen kort

Vestnes Varfjell (4-3-3): Egil Dalhaug; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen, Sverre Lindset - Simon Kjørvik, Tor-Bjarne Løvik Salte (k), Leo Krogseth - William Hjelvik, Knut Stian Eik, Eirik Leao Tomren

Inn: Tommy Kanishi Andreassen, Arjan Sylte, Andreas Hole, Markus Lyslo, Elling Olafsen

Bildegalleri under:

DSC_5298
DSC_5298
DSC_5299
DSC_5299
DSC_5300
DSC_5300
DSC_5301
DSC_5301
DSC_5302
DSC_5302
DSC_5303
DSC_5303
DSC_5304
DSC_5304
DSC_5305
DSC_5305
DSC_5306
DSC_5306
DSC_5307
DSC_5307
DSC_5308
DSC_5308
DSC_5309
DSC_5309
DSC_5310
DSC_5310
DSC_5311
DSC_5311
DSC_5312
DSC_5312
DSC_5313
DSC_5313
DSC_5314
DSC_5314
DSC_5315
DSC_5315
DSC_5316
DSC_5316
DSC_5317
DSC_5317
DSC_5318
DSC_5318
DSC_5319
DSC_5319
DSC_5320
DSC_5320
DSC_5321
DSC_5321
DSC_5322
DSC_5322
DSC_5323
DSC_5323
DSC_5324
DSC_5324
DSC_5325
DSC_5325
DSC_5326
DSC_5326
DSC_5327
DSC_5327
DSC_5328
DSC_5328
DSC_5329
DSC_5329
DSC_5330
DSC_5330
DSC_5331
DSC_5331
DSC_5332
DSC_5332
DSC_5333
DSC_5333
DSC_5334
DSC_5334
DSC_5335
DSC_5335
DSC_5336
DSC_5336
DSC_5337
DSC_5337
DSC_5338
DSC_5338
DSC_5339
DSC_5339
DSC_5340
DSC_5340
DSC_5341
DSC_5341
DSC_5342
DSC_5342
DSC_5343
DSC_5343
DSC_5345
DSC_5345
DSC_5346
DSC_5346
DSC_5347
DSC_5347
DSC_5348
DSC_5348
DSC_5349
DSC_5349
DSC_5350
DSC_5350
DSC_5351
DSC_5351
DSC_5352
DSC_5352
DSC_5353
DSC_5353
DSC_5354
DSC_5354
DSC_5355
DSC_5355
DSC_5356
DSC_5356
DSC_5357
DSC_5357