I vinterens andre treningskamp vart Ravn slått 7-4 i Vestnes idrettspark onsdag kveld. Daniel Gravdehaug 3, Elling Olafsen 3 og Noah Johansen skåra for heimelaget.
Gjestane, som spelar i 5. divisjon på Sunnmøre, var oppe i leiinga 4-2 før Vestnes Varfjell sette inn sluttspurten. Ravn har tidlegare i vinter tapt 3-4 borte mot 4.-divisjonslaget Langevåg.
Skåringane kom slik:
0-1 23 min
1-1 Daniel Gravdehaug 42 min (assist Elling Olafsen)
1-2 49 min
2-2 Daniel Gravdehaug 51 min (Elling Olafsen)
2-3 58 min
2-4 61 min
3-4 Elling Olafsen (Daniel Gravdehaug)
4-4 Elling Olafsen (Amund Stavem corner)
5-4 Noah Johansen 76 min (Elling Olafsen)
6-4 Daniel Gravdehaug, straffe 78 min (Noah Johansen felt)
7-4 Elling Olafsen 90 min, (Sverre Lindset)
Igjen var det ein del fråfall grunna skader og sjukdom. Ein del av dei som spelte i kveld skal ut i ny kamp laurdag. Då er Elnesvågen motstandar i NM-kvalifisering for G19.
Laget (3-5-2): Owen Connor (Egil Dalhaug 46): Arjan Sylte (Andreas Lønset 65). Cédric Andreassen (Didrik Sæter 85.) Svein Erik Lange Male (Håkon Kjørvik 56.) - Lucas Pedersen, Leon Botnvik (Sverre Lindset 62), Leo Krogseth, Didrik Sæter (Noah Johansen 65.), Amund Stavem (k) - Elling Olafsen, Daniel Gravdehaug (Arjan Sylte 87.)