(Vestnes Varfjell - Tomrefjord 1-3) Leo Villa Krogseth utlikna like før pause i nabooppgjeret fredag, men to gamle kjenningar sørga for at det var Tomrefjord som kunne reise heim med alle poenga.
Rundt 350 tilskuarar hadde møtt fram denne varme septemberkvelden til lokaloppgjer i 4. divisjon mellom dei to laga frå Vestnes kommune. Ute på bana vart det ikkje like heitt, det var ein fairspelt kamp mellom to lag som kjenner kvarandre godt. Tomrefjord er kjent for sitt rutinerte og kompakte forsvar, og heimelaget sleit med å spele seg til store sjansar. Unge Simon Kjørvik var uredd på kanten, men det stokka seg litt for ofte då resten av angrepet skulle følge opp. Frisparkspesialist Oliver Connor Søreng forsøkte seg frå 20 meter, men keeper Sander Dahle var med på notane, og Elling Olafsen vart dømt i offside då han skulle sette inn returen.
Tomrefjord på si side fekk spelte seg fram til ei rekke cornerar, og det var på ein av desse Håvard Taklo fekk stå umarkert og sette inn 0-1etter ein dryg halvtime. Tommy Kanishi Andreassen sendte i veg eit frispark som gjekk over via ei hand frå målvakt Owen Connor.
Like før pause skulle det endeleg lukkast for heimelaget, i eit angrep som innbyttar Leo Villa Krogseth både starta og avslutta. Først reiv han til seg ballen på midten før Eirik Leao Tomren sette fart og kombinerte med Magnus Nerheim på venstrekanten. Innlegget fann Leo Villa Krogseth som no hadde løpt seg fram på bakre. Unggutten, som nettopp hadde erstatta ein skadd Oliver Søreng, var kald og sette inn utlikninga.
Like etter pause var same Kroseth nære å forlenge eit frispark frå Tor-Bjarne Løvik Salte, men nådde ikkje fram. Så tok Tomrefjord etter kvart over, og Owen Connor måtte fiste eit frispark over mål før tidlegare Varfjell-spelar Vegard Ellingseter breisida inn 1-2 frå kloss hald etter ein time etter at ballen spratt hit og dit etter eit innkast. Så fekk Connor igjen fingrane på ei avslutning, før Erlend Søberg avslutta like utanfor.
Leo Villa Krogseth viste eminent teknikk ved fleire høve, men det vart berre nesten for Vestnes Varfjell etter pause. Tomrefjord spelte rutinert og hindra den heilt store sluttspurten frå heimelaget. Tor-Bjarne Løvik Salte ergra seg over at han ikkje nådde fram på eit framspel, medan Svein Erik Lange Male ropte på straffe då han vart dratt ned feltet på eit hjørnespark.
Straffe vart det, men dessverre til feil lag. På overtid kontra bortelaget etter eit svakt tatt innkast. Det endte med felling innanfor 16-meteren og punktert kamp signert tidlegare Varfjell-kaptein Tommy Kanishi Andreassen frå 11-meteren.
Tomrefjord hadde dei lengste periodane der dei førte kampen og vann slik sett fortent.
Neste kamp er borte mot Eide.
KAMPFAKTA
Vestnes Varfjell - Tomrefjord 1-3 (1-1)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 8. september 2023 kl 19
Vestnes idrettspark, 350 tilskuarar
0-1 (33) Håvard Taklo
1-1 (44) Leo Villa Krogseth
1-2 (60) Vegard Ellingseter
1-3 (90) Tommy Kanishi Andreassen, straffespark
Dommar: Stig Arild Råket, Clausenengen
Assistentdommarar: Fredrik Røstberg, Rival og Magnus Smørdal, Molde
Gult kort: Lucas Våge (84) og Svein Erik Lange Male (89)
Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Simon Kjørvik (Lucas Pedersen Våge 81.), Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim - Tor-Bjarne Løvik Salte, Amund Stavem (k), Oliver Connor Søreng (Leo Villa Krogseth 37.) - Adrian Kosinski (Vegar Skare 69.), Elling Olafsen, Eirik Leao Tomren
BILDEGALLERI: