Svein Erik Lange Male utlikna på straffespark.

(FCK - Vestnes Varfjell) Vestnes Varfjell kjempa hardt og hadde sjansen til både eitt og tre poeng, men måtte dra heim utan noko etter fredagens tur til Kristiansund.

To lag med null poeng på dei to første kampane møttest i kveldssola på Nordmøre stadion.

Vestnes Varfjell hadde nokre oppløp i starten av kampen, men etter kvart tok heimelaget over. Gjestane rei likevel godt unna, og då skåringa kom var den av det heldige slaget. Eit skot frå nær død vinkel lurte seg under tverrliggaren og inn.

Like før pause small det i den andre tverrliggaren, men skotet frå Tommy Kanishi Andreassen ville ikkje inn. Så hadde same mann eit skot blokkert før Knut Stian Eik avslutta like utanfor. Dermed sto det 1-0 ved halv tid.

Heimelaget, som tidlegare i vår slo 3.-divisjonslaget Surnadal ut av cupen, starte beste i andre omgang og hadde ein ball i stolpen tidleg. Så tok Vestnes Varfjell gradvis over i jakta på ei utlikning. Simon Kjørvik serverte eit frispark hardt framom mål, men ingen var der til å putte ballen over streken. Så, etter timen, fann Tommy Kanishi Ole Håkon Heen Lien i god posisjon, men skotet vart for laust og hamna rett på keeper.

1-1 på straffe. (bilde frå direktesendinga til Direktesport)

Kvarteret før slutt vart Leo Krogseth felt inne i feltet. Svein Erik Lange Male gjekk fram og sørga for 1-1 frå straffemerket. No var gjestane offensive og Tommy Kanishi kom fri og kunne ha sendt laget i leiinga, men skotet gjekk over.

FCK hadde også sine sjansar og fem minutt før full tid fekk dei til eit innlegg som gjekk gjennom heile feltet før ballen vart sendt over streken.

Vestnes Varfjell gav alt for ei ny utlikning, men kom ikkje nærare enn eit frispark frå 20 meter seks minutt på overtid. Skotet frå Lange Male vart dermed kampens siste.

Dermed gjekk laget på sitt tredje strake tap. Det var synd fordi laget kjempa og hadde sjansar til å få med seg noko frå denne kampen. Neste sjanse til poeng kjem heime mot Dahle fredag.

KAMPFAKTA:

FK Clausenengen Kristiansund - Vestnes Varfjell 2-1 (1-0)

4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 25. april 2025 kl 19.30

Nordmøre stadion, 50 tilskuarar

Mål:

1-0 (37) Niklas Pettersen

1-1 (78) Svein Erik Lange Male, straffespark

2-1 (86) Oskar Vebenstad

Dommar: Øystein Lysø (Surnadal), ass.dommarar:  Trym Haugen Enaasen (Tingvoll) og Mikael Oppedal (Frei)

Gult kort: Ole Håkon Heen Lien (82), Vestnes Varfjell.  Edvard Hoem Karlsen (88) og Stig Flemmen (trenar, 90), FCK
Vestnes Varfjell (4-5-1): Egil Dalhaug; Sverre Lindset, Kristian Flittie Onstad, Svein Erik Lange Male, Rudi Talberg Samseth - Leo Krogseth, Simon Kjørvik, Tommy Kanishi Andreassen (K), Fredrik Lie, Magnus Nerheim - Knut Stian Eik

Innbyttarar:  Håkon Ødegård Kjørvik, Ole Alexander Mekvik Ulvestad, Ole Håkon Heen Lien, Justin Berild Sætre, Odd Johann Ludviksen