(Vestnes Varfjell - Dahle 2 8-0) Vestnes Varfjell hadde ingen problem med å ta seg av Dahle 2 i Parken torsdag kveld. Samtidig som VM åpna i Mexico varta Vegard "Cruz" Ellingseter opp med kampens høgdepunkt med tre lekre skåringar i løpet av ni minutt i andre omgang. Leo Krogseth, Svein Erik Lange Male (straffe) og Casper Andreassen skåra også, kampens første og siste skåring var sjølvmål.
Spelande trenar Tommy Kanishi Andreassen var fornøgd med resultatet.
- I år har me vore god mot dei gode og dårleg mot dei svake laga. Derfor var det godt å få ein slik seier mot eit antatt svakare lag. Me starta litt treigt, men spelar betre og betre utover i kampen. Speleglede har vore eit tema for oss i det siste, og det synest eg me ser utover i kampen i dag.
Trenaren roser treningekulturen som er i laget no. Han framhevar også kor viktig det er å gje alle i den store stallen speletid.
Etter ein litt tam start på kampen, fekk heimelaget hjelp av ein uheldig Dahle-kaptein som heada ballen i eige mål etter eit kvarter. Linjedommar vinka først for offside på Elling Olafsen, men dommar gjorde om etter ein prat der dei vart samde om at spissen ikkje påverka det som skjedde.
2-0 kom ti minutt etterpå då Leo Krogseth plasserte ballen i mål frå hjørnet av 16-meteren. Casper Hellstrøm heldt fram storspelet frå kampen mot Malmefjorden og sørga for 3-0 til pause. Denne gongen var målet av det enkle slaget, då han kom forbi ein utspelt keeper og kunne sette ballen i det opne målet.
Dahle kom til Vestnes med ein svært ung tropp og hadde nok med å forsvare seg kampen igjennom. Kvalitetsforskjellen vart ekstra synleg etter pause. Svein Erik Lange Male auka til 4-0 på straffespark etter at Didrik Sæter vart felt.
Så handla det meste om ein god skotfot. Vegard Ellingseter kom nemleg innpå og stal overskriftene. Først curla han eit skot over keeper frå 16 meter, deretter sette han ballen i boge over keeper frå 20 meter før han fullførte hattricket sitt med eit frispark frå 25 meter over muren. Alt i løpet av ni minutt.
Kampens siste mål kom etter at Jo Sigurd Vold hadde slått hardt inn i feltet. Casper Andreassen var i nærleiken, men igjen var Dahle-kaptein Salam Adel Ali uheldig og sette ballen i eige nett.
Varfjell-målvakt Egil Dalhaug hadde lite å gjere på og gjekk til slutt ut. Dermed vart det debut i seriespel på A-laget for Carloz Felipe Gonzalez.
Laget har ein brei stall i år, og trenarteamet nytta høvet til å gje mange speletid. Svein Erik Lange Male fekk kapteinsbindet, medan Florian Hill spelte sin første kamp frå start. Salte (på antibiotika) og Hjelvik (ikkje 100%) blei verande på benken.
Vestnes Varfjell avsluttar vårsesongen med ny heimekamp når Hjelset-Kleive kjem på besøk onsdag 17. juni klokka 19.
KAMPFAKTA:
Vestnes Varfjell - Dahle 2 8-0 (3-0)
5. divisjon Nordmøre og Romsdal
Torsdag 11. juni 2026 kl 19.30
Vestnes idrettspark, 95 tilskuarar
Mål:
1-0 (14) Salam Adel Ali, sjølmål
2-9 (24) Leo Villa Krogseth
3-0 (27) Casper Rolf Hellstrøm Andreassen
4-0 (57) Svein Erik Lange Male, straffespark
5-0 (67) Vegard Storsæter Ellingseter
6-0 (70) Vegard Storsæter Ellingseter
7-0 (70) Vegard Storsæter Ellingseter
8-0 (83) Salam Adel Ali, sjølmål
Dommar: Bjørn Enaasen, Fotballklubben Clausenengen Kristiansund
Assistentdommarar: Oliver Røsand Videhult, I.L. Averøykameratene og David Mircea Rus. Elnesvågen og Omegn Idrettslag
Ingen kort
Vestnes Varfjell (4-3-3):
12 Egil Dalhaug
22 Torstein Væge Nekstad
23 Svein Erik Lange Male (K)
45 Cédric Ronnie Hellström Andreassen
11 Sverre Olgar Lindset
10 Leo Villa Krogseth
80 Tommy Kanishi Andreassen
24 Didrik Selnes Sæter
90 Casper Rolf Hellstrøm Andreassen
77 Elling Furland Olafsen
17 Florian Hill
Innbyttarar:
4 Vegard Storsæter Ellingseter
5 Jo Sigurd Vold
12 Carlos Felipe Gonzalez
18 John Christian Ludviksen
25 Henrik Leao Tomren
Unytta:
27 Kristian Flittie Onstad
20 William Pedersen Hjelvik
7 Tor-Bjarne Løvik Salte
Kampen i bilde:




