(Malmefjorden - Vestnes Varfjell 5-2) Vestnes Varfjell held fram seiersmarsjen i 5. divisjon. Også Malmefjorden måtte bite i eige gras etter at Casper Andreassen skåra alt etter 20 sekund og fullførte eit hattrick før pause. Mål av Tor-Bjarne Løvik Salte og Didrik Selnes Sæter i tillegg sørga for ein overbevisande 5-2-seier i toppoppgjeret.
Dette var seier nummer seks på like mange kampar i årets serie.
– Me frykta ein vanskeleg bortekamp, men vinn etter ein solid laginnsats, seier spelande trenar Tommy Kanishi Andreassen etter kampen.
Han gav veslebror Casper tillit frå start for første gong i år. Han takka for tilliten med å skåre før minuttet var spelt. Høgrekanten drog seg inn i feltet og avslutta med eit skot som overraska Malmefjorden-målvakta.
Kampstart var flytta fram fem minutt, og det såg ikkje ut til at heimelaget hadde fått med seg at kampen var i gang. Fire minutt var spelt då Tor-Bjarne Løvik Salte var frampå etter ein retur og sette inn 0-2.
Malmefjorden reduserte då Fredrik Røvik Eidskrem runda keeper minuttet etter. Ei forrykande opning var ikkje over med det. Sju minutt var spelt då Casper Andreassen dukka opp på bakre stolpe og sendte bortelaget to mål foran igjen.
Vertane kom litt betre med utover i omgangen og reduserte igjen etter ein corner. Men dette var Casper Andreassen sin omgang då han nærast ramla ballen over mållinja etter 37 minutt. Leo Kroseth var servitør med eit frispark. Casper Andreassen hadde også ei avslutning i stolpen, medan Elling Olafsen hadde ein trippelsjanse. Det sto 2-4 ved pause denne varme junikvelden.
Trond Strande skulle trener Malmefjorden denne sesongen, men vart opptatt med trenarjobb i Tyrkia. Han var heime og tok turen i heimegarderoben i pausen. Det gav ingen umiddelbar effekt for Vestnes Varfjell skåra igjen då Didrik Sæter krangla seg forbi og sette inn 2-5 etter ti minutt.
Malmefjorden klarte aldri å svare og skapte nesten ikkje ein målsjanse i andre omgang. For Vestnes Varfjell var det berre snakk om å trygge seieren og ta dei sjansane som bydde seg. Elling Olafsen var den som kom nærast, først vart han hindra av ei god redning, deretter av stolpen etter ei heading. Innbyttar Florian Hill var også nærme sitt første seriemål, men avslutninga gjekk forbi begge stolpane og utanfor.
Nok ein solid lagseier kunne dermed inkasserast. Årets Varfjell-lag er ein god miks av rutine og ungt talent.
I tillegg til dei etablerte spelarene har laget no unge einarar i alle ledd: Målvakt og kaptein Egil Dalhaug bakerst, Cedrik Andreassen, Sverre Lindseth og Torstein Nekstad i forsvaret, Tor-Bjarne Løvik Salte og Didrik Selnes Sæter på midtbane og Leo Krogseth og Casper Andreassen på kvar sin kant. Og då har me ikkje gløymd William Hjelvik som ikkje var med denne gongen og Henrik Tomren som kom inn.
Det er lett å sjå at dei unge blomstrar når dei har fleire eldre spelarar som vegleiar veldig bra ute på banen.
Neste kamp er heime mot Dahle 2 torsdag 11. juni kl 19.30.
KAMPFAKTA:
Vestnes Varfjell - Malmefjorden 2-5 (2-4)
5. divisjon Nordmøre og Romsdal, torsdag 4. juni 2026 kl 19.25
Malmefjorden stadion, 100 tilskuarar
Mål:
0-1 (1) Casper Rolf Hellstrøm Andreassen
0-2 (5) Tor-Bjarne Løvik Salte
1-2 (6) Fredrik Røvik Eidskrem
1-3 (8) Casper Rolf Hellstrøm Andreassen
2-3 (22) Joachim Gjerdseth Lyngstad
2-4 (37) Casper Rolf Hellstrøm Andreassen (sjølmål Ole Elias Jacobsen?)
2-5 (55) Didrik Selnes Sæter
Dommar: Harald Vebenstad, Averøykameratene
Assistentdommarar: Oliwier Grzegorz Deuter, Elnesvågen og Håkon Bøe Olsen, Dahle
Gult kort: Leo Krogseth (58) og Casper Andreassen (65), Vestnes Varfjell. Ragnar Sporsem (23) og Joachim Gjerdseth Lyngstad (78), Malmefjorden
Vestnes Varfjell (4-3-3):
1 Egil Dalhaug (K)
22 Torstein Væge Nekstad
27 Kristian Flittie Onstad
45 Cédric Ronnie Hellström Andreassen
11 Sverre Olgar Lindset
24 Didrik Selnes Sæter
80 Tommy Kanishi Andreassen
7 Tor-Bjarne Løvik Salte
90 Casper Rolf Hellstrøm Andreassen
77 Elling Furland Olafsen
10 Leo Villa Krogseth
Innbyttarar:
6 Ørjan Tangen 65. min for Onstad
18 John Christian Ludviksen 70. min for Olafsen
9 Magnus Nerheim 71. min for Kanishi
25 Henrik Leao Tomren 77. for Salte
17 Florian Hill 79. min for Casper Andreassen
23 Svein Erik Lange Male 85. min for Sæter
Ubenytta:
12 Carlos Felipe Gonzalez