Etter ein tung periode med mange tap, vart det seier i første kamp i haustsesongen for samarbeidslaget Måndalen/Vestnes Varfjell 2 i 5. divisjon då Hjelset-Keive vart slått 5-2 på bortebane onsdag.
Heimelaget, som ligg helt sist på tabellen, gjekk til pause med leiinga 1-0 på Opdølbanen. Oscar Rekdal Misfjord gjorde som på A-laget fredag og utlikna til 1-1.
Misfjord var ein av mange frå Vestnes Varfjell i troppen, men det var måndalingane som sto for resten av skåringane: Rudi Talberg Samseth noterte seg for hat-trick, der det eine målet kom på straffespark, medan Kim Rodi Nikolaisen Brudeseth skåra ein gong.
Måndalen/Vestnes Varfjell 2 gjorde eit byks opp til 6. plass på tabellen for 5. divisjon Nordmøre og Romsdal. No ventar fire heimekampar på rad for laget.
Måndalen/Vestnes Varfjell 2:
-
1 Tinus Hustad
-
4 Mathias Moen Brudeseth
-
14 Lucas Vold Moen
-
20 Rudi Talberg Samseth
-
31 Magnus Skorgen Søraas
-
5 Arjan Elias Furland Sylte
-
9 Eirik Skar Hurlen
-
11 Tommy Alte Nikolaisen
-
16 John Villa Krogseth
-
21 Oscar Rekdal Misfjord
-
24 Ola Mittet Farkvam
-
25 Sverre Olgar Lindset
-
7 Kim Rodi Nikolaisen Brudeseth
-
10 Kristoffer Nikolaisen
-
27 Jon Areas Venås
Sjekk også Måndalen si nettside.