0-1: Ronny Leikarnes har skåra mot AK. (Foto: Kai Magne Stokkeland)
0-1: Leikarnes
Vestnes Varfjell tok som vanleg leiinga 1-0, men like vanleg vart det tap då laget møtte Averøykameratene på bortebane fredag. Ronny Leikarnes heada gjestane i føringa før pause, men Vestnes Varfjell greidde ikkje å følge opp i andre omgang, AK, som jakta årets første seier, utnytta feil i Vestnes Varfjell-forsvaret og vann 2-1.

VIDEOAR I VARFJELL-TV | BILDEGALLERI


- Utruleg irriterande, sa spelande trenar Alexander Connor etter å tapt nok ein kamp der laget tok føringa og hadde sjansar til å skåre fleire mål.

Han tenkte først og fremst på måten AK fekk skåre to gongar i andre omgang. Først "krangla" to Vestnes Varfjell-spelarar om ballen som i staden hamna hos AK som fekk skåra på eit gjennomspel. Surare var nok 2-1-målet der keeper og forsvar ikkje fekk kontroll på ballen innanfor 5-meteren. Ballen gjekk i mål etter eit skot frå omtrendt død vinkel. Ole Jørund Bullgård skåra for heimelaget, som berre hadde ei nettkjenning før kveldens kamp.

Vesntes Varfjell kom best igang og hadde ein store sjanse då Tommy Kanishi Andressen hadde to mann å spele til føre mål, men mottaket frå Ronny Leikanres vart for dårleg. Målet kom like etterpå då Ronny Leikarnes forlenga eit framspel frå Tommy Kanishi. Headinga vart plassert perfekt utanfor rekkevidda til heimelagets målvakt. Tre minutt etter kunne det stått 2-0 då Karl Arne Stokkeland fann Kanishi føre mål, men keeper snappa ballen. Etter ein corner var det fleire som forsøkte seg, men det endte til slutt med avslutning utanfor frå Nirut Mjøs.

Etter ein halvtime var det nesten reprise av skåringa, men Stokkeland vart akkurat for sein på framspelet frå Kanishi. Så var Nirut Mjøs på farta, men i staden for å utnytte den frie bana mot mål avslutta han med skot frå langt hald-

Heimelaget hadde også sine forsøk, men skota frå langt hald gjekk alle langt utanfor. Mot slutten skulle dei kanskje hatt straffespark frå keeper Mundal vart litt for sein med ei avklaring.

Men det gjekk berre fem minutt av andre omgang før vertane var ajour. Vestnes Varfjell forsøkte å svare, anført av ein god Karl Arne Stokkeland på midtbana. Først spelte han fri Tommy Kanishi Andreassen som sette ballen utanfor aleine med keeper. Så var det Elling Olafsen som fekk pasning frå Stokkeland, men keeper var ute og hindra skåring.

Etter at AK tok leiinga måtte både ein småsjuk Stokkeland og ein skadd Kanishi ut. Dermed dei to fremste angrepsvåpena bort i innspurten. Likevel var ikkje laget langt unna å få med seg eitt poeng. Ronny Leikarnes heada mot mål etter corner, men ein heimeback redda på streken. I motsett ende var det også farleg då Varfjell jakta utlikning, men ein god Arild Mundal hindra fleire baklengsmål.

Heimelaget kunne dermed juble for årets første trepoengar, det var tydeleg at dette var ein kamp dei måtte vinne og utover i andre omgang hadde dei også større vinnarvilje enn gjestane. AK om kampen>>
Kampfakta:
Averøykameratene - Vestnes Varfjell 2-1 (0-1)
Bruhagen stadion
75 tilskuarar
Mål:
0-1 (16) Ronny Leikarnes
1-1 (49) Ole Jørund Bullgård
2-1 (67) Bullgård
Dommar: Modolf Holm, Isfjorden
Gult kort: Elling Olafsen, Vestnes Varfjell
Lagert. Mundal; Brennvik, Tangen, Solevågseide, Brastad - Stokkeland (Gravdehaug 73), Connor, Olafsen - Mjøs, Leikarnes, Kanishi (Ellingseter 70)