VarfjellTV: Connor om kampen | AK-trenar Veiseth om kampen | Bildegalleri | Program
Lite skjedde før pause, men gjestane frå
Nordmøre - som låg to poeng føre Vestnes
Varfjell før denne kampen - hadde ballen mest. Marius
Sivertsen redda flott på eit AK-skot etter halvtime, elles
var det mest halvsjansar som blei produsert. Ynge
Solevågseide kom akkurat for seint til å avslutte eit
godt angrep etter 35 minutt. Heimelaget meinte seg snytt for eit
straffespark etter det som såg ut som ein AK-spelar som
stoppa ballen med handa.
Frisk start av heimelaget på andre omgang. Tommy Kanishi
Andreassen var nære på etter to minutt, men fekk ikkje
avslutta skikkeleg. Det fekk han nokre minutt etterpå
då han tverrvendte utanfor 16-meteren og sette inn 1-0 heilt
ute ved stolperota.
Dei neste minutta vart innhaldsrike med fleire store sjansar til
heimelaget:
16 minutt: Vegard Ellingseter skot på keeper etter kontring.
17 minutt: Simen Brennvik i skåringsposisjon, men keeper
blokkerer skotet. 18 minutt: Ronny Leikarnes stussheading like
over. 22 minutt: Frispark-innlegg frå Jørgen
Gravdehaug heada like utenfor av Thomas André Brastad. 25
minutt: Jørgem Gravdehaug kan sette inn 2-0 frå kloss
hald, men keeper reddar.
I motsatt ende hadde også AK nokre sjansar, mellom anna eit
skot over frå god posisjon. Derfor var det godt for
heimenervane å sjå Ronny Leikarnes stige til vers og
heade inn 2-0 etter innlegg frå Ørjan Tangen etter ein
knapp halvtime.
AK forsøkte å komme seg inn i kampen att, men vart
hindra av eit kontant heimeforsvar. Lite skjedde no før dei
siste ti minutta, der Leikarnes fekk eit skot redda etter ei
kontring, Kanishi Andreassen skaut over og til corner. På
corneren heada Simen Brennvik like utanfor. Så redda
innbyttar Svein Erik Lange Male på streken etter det som var
mange skotforsøk på rad frå AK. Så spelte
Kanishi fri Leikarnes, men skotet vart keepermat. Yngve
Solevågseide trudde han hadde heada inn 3-0 på overtid,
men vart avvinka for offside.
Nirut Mjøs vart kåra til bestemann på
heimelaget. Midtstopparkollega Bjørn-Vegard Løvik var
også mellom lagets beste, han måtte ut med skade
på slutten. Elling Olafsen måtte ut grunna sjukdom,
medan spelander trenar Alexander Connor ikkje var aktuell fordi han
pådrog seg ei hjernerysting på ein skogstur nyleg.
AK om
kampen
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Averøykameratene 2-0 (0-0)
3. divisjon, fredag 28. august 2009 kl 19
85 tilskurar i Vestnes idrettspark
Mål:
1-0 (56) Tommy Kanishi Andreassen
2-0 (74) Ronny Leikarnes
Dommar: Modolf Holm, Isfjorden
Assistentdommarar: Bjørn Myklebust, MFK og Tor Sannes,
Isfjorden
Gult kort: Tommy Kanishi Andreassen, Vestnes Varfjell, 1 til AK
Vestnes Varfjell 4-3-3: Marius Sivertsen, Ørjan Tangen,
Nirut Mjøs, Bjørn-Vegard Løvik (Martin Lange
Sylte 79.), Thomas André Brastad - Elling Olafsen (Vegard
Ellingseter 41.), Jørgen Gravdehaug (Svein Erik Lange Male
75.), Yngve Solevågseide - Simen Brennvik, Ronny Leikarnes,
Tommy Kanishi Andreassen