Sunndal har ikkje gitt opp kampen om opprykk og trenar Roger Ellevseth slo fast i spalta si i kampprogrammet at kampen mot Vestnes Varfjell derfor måtte vinnast. Spelarane hans såg ut til å ha tatt beskjeden for før publikum hadde tatt plass på tribuna låg ballen bak Vestnes Varfjell-målvakt Marius Sivertsen.
Verst tenkeleg start for Vestnes Varfjell, som har for vane å sleppe inn tidlege mål i Sunndal. Laget kom seg likevel raskt frå sjokkåpninga og optimismen steig då Ronny Leikarnes utlikna etter 16 minutt. Spissen skaut inn sitt tiande mål for sesongen etter innlegg frå Simen Brennvik. Avslutninga kom etter eit fint oppbygd angrep bakfrå, der Yngve Solevågseide spelte fram Brennvik på høgrekanten. Sjå video her>>
Sunndal hadde ballen mest resten av omgangen, men vart tvunge til å avslutte frå langt hald eller Sivertsen rydda opp. Nærast skåring kom den tidlegare MFK-spelaren Ståle Rønningen traff innsida av stolpen på eit langskot.
Vestnes Varfjell måtte spele utan ein skadd Bjørn-Vegard Løvik og måtte gjerne nye rokeringar då stopparkollega Nirut Mjøs måtte ut med ein kneskade alt før pause. Seinare måtte også ein feberskadd Thomas André Brastad forlate bana, medan Elling Olafsen måtte gje seg etter ein albue frå Sunndal-kaptein Geir Olav Birkestøl som dommaren ikkje fekk med seg. Dermed vart det speletid også for unggutane Martin Lange Sylte, Tarjei Berjmeland og Sondre Akselsen.
Dei greide seg bra i det som vart ein forsvarskamp i store delar av andre omgang. Heimelaget fekk etter kvart svært mange hjørnespark og det var to av desse som til slutt vart avgjerande. Først skaut Eirik Ruud Ramsli i mål etter ein kort variant, før storebror og tidlegare MFK-spelar Torgeir Ruud Ramsli sette inn 3-1.
Kampen var avgjort med dette, men Vestnes Varfjell kom faktisk sterkt mot slutten og kunne ha skapt spenning dersom Ronny Leikarnes hadde skåra på sjansen han fekk. Spissen kom aleine med keeper, men skotet frå litt skrått hald strauk utanfor stolpen.
God innsats over heile linja. Marius Sivertsen vart kåra til bestemann og får gåvekort. Han blei også utpeika til BB i Romsdals Budstikke av juryen til heimelaget.
Fakta
Sunndal - Vestnes Varfjell 3-1
3. divisjon Nordmøre/Romsdal
Torsdag 3. september 2009 kl 18.30
Sande stadion (gras), 90 tilskuarar
Mål:
1-0 (1) Geir Olav Birkestøl
1-1 (17) Ronny Leikarnes
2-1 (53) Eirik Ruud Ramsli
3-1 (69) Torgeir Ruud Ramsli
Dommar: Helge Roar Åndal, Malmefjorden
Gult kort: Jørgen Gravdehaug, Vestnes Varfjell (87)
Vestnes Varfjell (4-5-1): Marius Sivertsen; Ørjan Tangen, Alexander Connor, Nirut Mjøs (Martin Lange Sylte 34.), Thomas André Brastad (Tarjei Bjermeland 68.) - Simen Brennvik, Elling Olafsen (Sondre Akselsen 73.), Yngve Solevågseide, Tommy Kanishi Andreassen - Ronny Leikarnes