Alexander Connor fyrer av tidleg i kampen. (Foto: Kaims)
Connor skyt over.
Vestnes Varfjell spelte ein svak kamp og tapte til slutt heile 8-0 mot Rival i 3. divisjon laurdag. Molde-laget leia 3-0 ved pause på Rivalbanen, populært kalt "Red Dream Arena". Vestnes Varfjell opna brukbart, men greidde aldri å svare då Rival skåra tre gonger kvarteret før pause. Rival styrte etter kvart kampen anført av dei tidlegare MFK-spelarane Thomas Mork og Per Olav Inderhaug. Rival om kampen. Andre kampar: Sunndal - Træff 3-2 ( Driva om kampen), Eidsvåg - Surnadal 3-2 ( Driva om kampen), Elnesvågen - Dahle 6-0. Bildegalleri her og video her.


Dei to første sjansane noterte me i favør bortelaget. Alexander Connor skaut over frå god posisjon, medan eit skot frå Ørjan Tangen ikkje hadde nok kraft og keeper plukka ballen lett.

Rival var farleg på ei heading som Marius Sivertsen redda, før Per Olav Inderhaug fekk rom og skaut inn 1-0 frå 16 meter etter ein halvtime. Thomas Mork ville ikkje vere dårlegare. Den gamle MFK-helten lobba ballen til seg sjølv om skaut i boge over Sivertsen frå lagt hald til 2-0. Same Mork auka til 3-0 då han lurte Varfjell-forsvaret og stakk i bakrom fem minutt før pause. Like etter hadde Tommy Kanishi sjansen til å redusere, men skotet gjekk over.

Også i andre omgang gjekk det lenge før noko skjedde føre måla. Ronny Leikarnes hadde sjansen til å sette ballen i ope mål etter 20 minutt, men traff langt utanfor. Like etter kontra Rival inn 4-0 og no rakna det heilt for bortelaget. Rival skåra tre gongar på tre minutt frå 27. til 30. minutt, og auka til 8-0 på overtid. Rival var gode til tider, men var også effektive og skåra vel på åtte av rundt ti målsjansar.

Alt i alt ein av dei svakaste kampane av Vestnes Varfjell i år. Laget hadde sjansen til å gå forbi Rival med seier, men i løpet av kampen var det lite som tyda på at det var to tabellnaboar som møttes. Rival vann duellane og spelte klokt og rutinert mot eit Varfjell-lag som sleit med presisjonen i pasningsspelet. Nokre hadde også problem med å halde seg på beina på den tunge bana. Eit par sko med skruknottar bør stå på innkjøpslista før viktige haustkampar på naturgras. Kanishi hadde eit skot utanfor og Leikarnes heada utanfor i andre omgang, men noko trøystemål vart det aldri på dei mørkeblå som no møter AK heime fredag.

Vestnes Varfjell stilte utan bestemann frå forrige kamp, Elling Olafsen, som var ute med sjukdom.

Kampfakta:
Rival - Vestnes Varfjell 8-0 (3-0)
3. divisjon Nordmøre/Romsdal
Laurdag 22. august 2009 kl 15
45 tilskuarar på Rivalbanen

Mål:
1-0 (30) Per Olav Inderhaug

2-0 (33) Thomas Mork

3-0 (41) Mork

4-0 (68) Espen Rødseth

5-0 (72) Eirik Toft

6-0 (74) Eirik Toft

7-0 (75)Thomas Mork

8-0 (90) Joakim Bo
Dommar: Strømsvåg, Sunndal
1 gult kort til Rival

Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen, Ørjan Tangen, Bjørn-Vegard Løvik, Nirut Mjøs, Thomas André Brastad (Martin Lange Sylte 75.) - Simen Brennvik, Yngve Solesvågseide, Alexander Connor (Jørgen Gravdehaug 68.), - Jakob Talberg (Svein Erik Lange Male 68.), Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen.