Aelx Connor i samtale med Per Magne Misund etter kampe. (Foto: Asbjørn Vik)
Connor og Misund
Vestnes Varfjell tok nye viktige poeng i 3. divisjon då laget vann det andre lokalderbyet på rad i Vestnes idrettspark. Åndalsnes vart slått 2-1 fredag etter skåringar av Simen Brennvik (sjå video) og Ronny Leikarnes (sjå video). Det var ein jam og spennande kamp, men der Vestnes Varfjell skapte dei fleste sjansane. Spelande trenar Alexander Connor meinte laget heva seg etter ein baktung start. Sjå intervju i VarfjellTV. 

 

 

{seyretpic id=1049 align=center}  {seyretpic id=1048 align=center} 
{seyretpic id=1047 align=center} {seyretpic id=1046 align=center}
{seyretpic id=1045 align=center} {seyretpic id=1050 align=center}{seyretpic id=1051 align=center} 

1-0 kom fem minutt før pause.  Simen Brennvik var frampå og flikka vidare i mål eit frispark frå Nirut Mjøs som gjekk via hodet til Ronny Leikarnes. Same Leikarnes avgjorde kampen like før slutt etter ein flott soloprestasjon der han lurte av fleire mann og sette ballen til side for keeper. 

 

I tillegg til måla hadde Vestnes Varfjell to avslutningar i stengene, først ved Elling Olafsen på eit langskot i første omgang, deretter eit frispark frå Tommy Kanishi Andreassen etter pause. Kanishi hadde også 2-3 store sjansar aleine med keeper.

 

ÅIF reduserte på overtid, på det som vel må kunne kallast ei keepertabbe av Marius Sivertsen som berre skulle plukke eit svakt skot, men slapp ballen mellom beina (sjå video). Sivertsen gjorde comeback i denne kampen. 

 

 

ÅIF-trenar Tore Brandstadmoen såg trass i tapet framgang for sitt lag som har tapt stort i det siste. Han har fått inn Toni Kvam og Erik Brekken som forsterkingar. Sjå intervju med ÅIF-trenaren her

 

 

Juryen kåra Elling Olafsen til bestemann. Tommy Kanishi Andreassen var truleg også med i den vurderinga, då han skapte mykje av det offensive. Berre skåringa mangla på kantspelaren.

 

Kampfakta: 

Vestnes Varfjell - Åndalsnes 2-1 (1-0)

3. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 14. august 2009 kl 19

Vestnes idrettspark, 50 tilskuarar
Mål:
1-0 (41) Simen Brennvik
2-0 (89) Ronny Leikarnes
2-1 (90+2) Robin Gjerde
Dommar: Jan Roger Strømsvåg, Sunndal.

Gult kort: Jørgen Gravdehaug, Vestnes Varfjell, Toni Kvam og Thomas Pedersen, ÅIF

Vestnes Varfjell: Marius Sivertsen, Ørjan Tangen, Nirut Mjøs, Bjørn-Vegard Løvik, Thomas André Brastad - Jørgen Gravdehaug (Alexander Connor 78.), Yngve Solevågseide, Elling Olfasen - Simen Brennvik, Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen (Martin Lange Sylte 85.)

 

Mer om kampen senere. Videoer i løpet av kvelden.

 

Frå livdekninga på varfjell.no:

 

5 min: Tommy Kanishi Andreassen igjennom, men keeper reddet. 15 min: Jevnt til nå, med et lite overtak til hjemmelaget. 18 min: Ny stor sjanse ved Kanishi, igjen redder keeper. 30 min: Fortsatt jevnt. Ingen stor kamp. Rundt 50 tilskuere har møtt fram i regnværet. Gult kort til Gravdehaug på hjemmelaget og Kvam og Pedersen på ÅIF. 37. min: Elling Olafsen med skudd i stanga fra 25 meter. 40. min, 1-0: Simen Brennvik sender hjemmelaget i ledelsen. Pause: Lagene går til pause på stillingen 1-0 til Vestnes Varfjell. 55 min: ÅIF har startet andre omgang best med et par halvsjanser. Jevnspilt, men ikke velspilt til nå regnværet. 60 min: Kanshi sender et frispak i stolpen. 70 min: Fortsatt 1-0 og jevnspilt. 80 min: Stor sjanse ved Kanishi somlobber over mål. Kantspilleren har skapt mye. 85 min: Juryen kåret Elling Olafsen til hjemmelagets beste. ÅIF har satt innpå Erik Brekken. 88 min 2-0: Ronny Leikarnes dobler hjemmelagets ledelse. 90 min, 2-1: ÅIF redusere etter en keepertabbe. Slutt: Vestnes Varfjell har slått Åndalsnes 2-1.