(Blindheim - Vestnes Varfjell 4-0) Vestnes Varfjell kom bakpå med to mål alt etter fem minutt i treningskampen mot Blindheim andre påskedag. Laget greide aldri å reise seg etter bakoversveisen i starten, og tapte til slutt 0-4. - Uinspirert og dårleg, er dommen frå trenar Alexander Connor.
Han slit likevel ikkje med nattesøvnen, berre to veker før seriestart.
- Me får berre fortsette å arbeide vidare på trening og i neste treningskamp, generalprøva heime mot Bråttvåg fredag. Blindheim var gode, men at me tapte skuldast først og fremst ein katastrofal start og seinare at altfor mange spelte uinspirert, seier Connor.
Det første målet kom etter eit frispark der Vestnes Varfjell-forsvaret glapp på markeringa, 2-0 kom like etterpå etter eit gjennomspel i midten. Blindheim auka til 3-0 eit kvarter ut i andre omgang og skåra det siste målet i kampen ti minutt før slutt. Vestnes Varfjell hadde også sine sjansar, flest før pause, men også to store etter.
Dette var andre møte med Blindheim i vinter, og det andre tapet. Kampen på Vestnes endte 1-4. Blindheim har i mellomtida feid det meste av motstand av bana på Sunnmøre, og er ein outsidar i 3. divisjon på Sunnmøre saman med Brattvåg.
KAMPFAKTA:
Treningskamp
Blindheim kgb, 9. april 2007 kl 15.00
Mål: 1-0 (2) Tommt Blindheim, 2-0 (5) Henrik Sørensen, 3-0 (60) Sindre Lauvås, 4-0 (80) Blindheim.
Ingen kort.
Vestnes Varfjell (4-5-1/4-3-3): Marius Sivertsen; Ørjan Tangen, Yngve Solevågseide, Per Krisitan Os Nakken - Tore Akselsen (Simen Brennvik 80.), Jakob Talberg, Alexander Connor (Karl Arne Stokkeland 70.), Tarjei Rypdal Eide (Elling Olafsen 75.), Tommy Kanishi Andreassen - Ronny Leikarnes.