- Det var ei litt slapp haldning av fleire i kveld. Det betra seg litt etter pause, då skåra me i det minste mål. Det er likevel ikkje godt nok, men det skal det bli før serien startar, forsikrar trenare til varfjell.no.
Vestnes Varfjell 4 |
|
For det var 3.-divisjonslaget frå Sunnmøre som opna best i kraftig medvind. Etter ti minutt sat ballen i nota etter eit gjennomspel i midten. Ronny Leikarnes var nære på å utlikne minuttet etter, men lobben strauk på feil side av stolpen. Leikarnes og Tarjei Rypdal Eide var begge litt for seint frampå innlegg føre mål, medan Marius Sivertsen måtte vise reaksjonsredningar ved eit par høve i andre enden av banen.
I andre omgang var det heimelaget som hadde vinden i ryggen, og før fem minutt var gått var laga like langt. Nirut Mjøs lobba ballen fint i mål. Så vart Sivertsen lurt av vinden då Langevåg tok leiinga igjen, og eit soloraid førte til 3-1.
Vestnes Varfjell tok seg saman mot slutten og avgjorde kampen dei siste ti minutta. Først sette Tore Akselsen eit frispark i mål via ein spelar på bortelaget, så var Ronny Leikarnes først frampå på ein retur. Akselsen vart tomålsskårar og matchvinnar på overtid då han lurfte offsidefella og lobba elegant over keeper.
Neste kamp er mot Blindheim andre påskedag, eit lag Vestnes Varfjell tapte mot tidlegare i vinter.