Avslutninga etter ein halvtime var den første store sjasen i kampen, og kom etter fint innlegg frå Tommy Kanishi Andreassen.
Vestnes Varfjell 0 |
Same Andreassen hadde den største sjansen i andre omgang, då han dribla seg heilt igjennom, men ikkje fekk ballen forbi keeper. Vestnes Varfjell hadde også nokre skuddforsøk, men Brattvåg auka til 2-0 på ei kontring etter eit kvarter. Mot slutten, då Vestnes Varfjell også gjorde fleire bytte, rakna det og til slutt vart det tap med stygge 0-5.
Det var for øvrig spelandre trenar Alexander Connor som på fredag 13. var uheldig og breisida eit skot vidare i mål til leiing 1-0 til Brattvåg.
Ronny Leikarnes og Tarjei Rypdal Eide var ikkje med fredag. Brattvåg viste seg også igjen som eit solid lag, men det bortforklarer ikkje at Vestnes Varfjell har ein heil del å rette på før seriestart borte mot seriefavoritt Molde 2.
Laga møttest også i Brattvåg tidlegare i vinter, og då vann sunnmøringane 3-1. Dette var seier nummer 11 på 12 treningskampar for Brattvåg som av mange er tippa som eit av topplaga i 3. divisjon avdeling Sunnmøre denne sesongen.
Les også:
Brattvåg om kampen
Forrige møte:
{ln:Tap, men bra med før pause}