(Malmefjorden - Vestnes Varfjell 1-2) Vestnes Varfjell gjorde jobben også i bortekampen mot Malmefjorden måndag kveld og vann 2-1 etter skåringar av Adrian Kosinski og Svein Erik Lange Male før pause. Malmefjorden reduserte langt på overtid. Med seks på poeng på fire dagar mot laga bak på tabellen kan laget legge nedrykksstriden bak seg for denne gong og sjå oppover på tabellen.

Trenar Alexander Connor oppsummerer kampen slik: - Ein bra kamp, solid førsteomgang der me har god kontroll. Mange slitne bein etter Hjelset-Kleive-kampen, og då er det er endå meir imponerande at me står løpet ut i dag. Det blir så klart mykje styr på slutten med frispark hit og dit, men me står trygt og tar imot det som kjem.

Kampen opna tamt med to lag som la seg lavt. Dette var ein kamp ingen av laga ville tape: heimelaget med sine fire poeng må snart begynne å ta poeng, medan Vestnes Varfjell med seier ville få den verste botnstriden på avstand.

20 minutt var spelt då Vestnes Varfjell fyrte av kampens to første skot ved Leo Krogseth (over) og Elling Olafsen (like utanfor). Men på det tredje skulle det skje, og Adrian Kosinski banka ballen i boge over keeper og i mål frå skrått hald til 1-0 like etterpå. 

Heimelaget hadde nokre spede forsøk etter dette, nærast var Bjørn André Monsen, men Owen Connor rydda opp.  Ti minutt før pause fekk Varfjell frispark i god posisjon. Oliver Connor Søreng var som vanleg servitør, og inne feltet var Svein Erik Lange Male som vanleg høgast i lufta og heada ballen forbi ein utmanøvrert keeper. Lars-Helge Lien skaut like over krysset fem minutt seinare, men det vart med to mål før pause.

Andre omgang vart prega av to slitne lag på ei fin, men regntung grasbane. Heimelaget måtte no ta større sjansar framover, noko som opna for kontringar for Vestnes Varfjell. På ein av desse handsa heimelagets keeper utanfor eigen 16-meter, men slapp unna med gult kort. Frisparket gjekk i muren, men like etterpå varta Elling Olafsen opp med eit brassespark som ikkje var langt unna mål. 

Både Tomren, Kosinski og Krogseth hadde sjansar til å auke leiinga, men alle gongane fekk keeper rydda unna i siste liten.

Desperasjonen låg over heimelaget, og det vart som vanleg ein del seine taklingar og gule kort. Når det kom til fotballen, hadde dei lite å komme med. Vestnes Varfjell-forsvaret med Svein Erik Lange Male og Tor-Bjarne Løvik Salte i spissen hadde god kontroll på det som kom. Berre ein gong måtte Owen Connor slenge seg, medan Male rydda opp då ballen var på veg forbi keeper litt seinare.

Innbyttar Airilas Skirgaila kom aleine med keeper på overtid. Keeper redda og Kosinski vart avvinka for offside då han skulle sette returen i mål.

Først langt på overtid reduserte Malmefjorden, som også pådrog seg eit raudt kort etter at Ragnar Sporsem fekk sitt andre gule på kort tid i tumultar og kamp om ballen etterpå. Stian Rødal var målskårar. Like etter blåste dommaren av og Vestnes Varfjell kunne juble for tre nye poeng. 

Neste kamp er heime mot Dahle fredag.

KAMPFAKTA:

Malmefjorden - Vestnes Varfjell 1-2 (0-2)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre og Romsdal, måndag 21. august 2023 kl 19

Malmefjorden stadion, 45 tilskuarar (4 Vestnes)

Mål:

0-1 (22) Adrian Kosinski

2-0 (35)  Svein Erik Lange Male

1-2 (90 + 4) Stian Rødal

Dommar: Eren Aksoy, Molde FK

Raudt kort (to gule): Ragnar Sporsem, Malmefjorden (90 +4)

Gult kort: Olafsen, Tomren og Connor (trenar), 5 til Malmefjorden.

Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Simon Kjørvik, Tor-Bjarne Løvik Salte, Svein Erik Lange Male (k), Lars-Helge Lien - Oliver Connor Søreng (Lucas Pedersen Våge 46.), Vegar Skare, Leo Krogseth - Adrian Kosinski, Elling Olafsen (Airilas Skirgaila 80.), Eirik Leao Tomren

Malmefjorden - Varfjell 2023
Malmefjorden - Varfjell 2023
Malmefjorden - Varfjell 2023
Malmefjorden - Varfjell 2023
Malmefjorden - Varfjell 2023
Malmefjorden - Varfjell 2023
Malmefjorden - Varfjell 2023
Malmefjorden - Varfjell 2023
Malmefjorden - Varfjell 2023
Malmefjorden - Varfjell 2023
Malmefjorden - Varfjell 2023
Malmefjorden - Varfjell 2023
Malmefjorden - Varfjell 2023
Malmefjorden - Varfjell 2023
Malmefjorden - Varfjell 2023
Malmefjorden - Varfjell 2023
Malmefjorden - Varfjell 2023
Malmefjorden - Varfjell 2023