Vestnes Varfjell snudde kampen i andre omgang og kjempa seg til tre viktige poeng då Hjelset-Kleive vart slått 3-1 på bortebane fredag. Adrian Kosinski, Eirik Leao Tomren og Svein Erik Lange Male var målskårarar i det som er første seier sidan 2. serierunde, 28. april. Også då var Hjelset-Kleive motstandar.
Det vart ein slitekamp på ei god grasbane mot eit lag i minst like stor poengnaud. Vestnes Varfjell opna friskt og Eirik Tomren hadde ei farleg avslutning alt etter tre minutt. Ti minutt seinare fall Lars-Helge Lien Leo Krogseth på første stolpen, men avslutninga gjekk utanfor.
Vertane kom betre med utover i omgangen og etter eit kvarter var dei nærme skåring då Magnus Nerheim fekk ballen unna i siste liten. Så hadde dei ein ball i nota etter eit fint skot, men dommaren blåste for offside etter ein konsultasjon med assistentdommaren sin.
Etter ein halvime var Tomren igjen på farta, men skotet gjekk rett på keeper. Oliver Connor Søreng prøvde seg med eit langskot like etterpå, men ballen strauk like utanfor krysset.
Spelet bølga fram og tilbake utan dei heilt store sjansane resten av omgangen og det såg ut til å gå mot 0-0. Så på overtid fekk heimelaget corner, ballen hamna i beina på Vidar Flemmen som enkelt kunne sette inn 1-0 frå kloss hald.
Trenar Alexander Connor rokerte litt på laget etter pause og før minuttet var spelt sørga Adrian Kosinski for balanse då han sette fart og avslutta med skot i lengste hjørne. Ei signaturskåringen frå kantspelaren.
Hjelset-Kleive hadde eit skot like utanfor, før både Elling Olafsen og Adrian Kosinski akkurat ikkje nådde frå på eit innlegg frå Amund Stavem. Så ropte gjestande på hands og straffe då eit skotforsøk frå Elling Olafsen vart blokkert.
Så etter ti minutt sat den endeleg for Eirik Leao Tomren. Frå 16 meter curla han ballen opp i krysset og Vestnes Varfjell hadde snudd kampen. Tomren hadde ein dobbeltsjanse også like etterpå. Det var ikkje lenge å vente på 1-3-skåringa. Corneren frå Oliver Connor Søreng var presist lagt og på bakre stolpe kunne Svein Erik Lange Male sette ballen i mål. Laget hadde også ein kjempesjanse til å auke til 4-1 då Amund Stavem kom igjennom og la inn til Tomren på blankt mål, men ballen fekk ein lei sprett og avslutninga gjekk utanfor.
Famleis var det ein halvtime pluss tilleggstid å spele, men vertane hadde ikkje stort meir å svare med. Vestnes Varfjell-spelarane la ned innsatsen som trengtes for å ro i land det som var svært kjærkomne poeng i botnstriden.
Det blir kort tid til å kvile. Alt måndag blir det ny bortekamp mot eit lag bak på tabellen når det utsette oppgjeret mot Malmefjorden blir spelt.
Kaptein Amund Stavem gjekk føre og var laget beste i denne lagseieren. Justin Sætre redbuterte og viste at han blir ein fin tilvekst. Bakcen gav alt og gjekk ut med krampe i begge leggane.
KAMPFAKTA:
Hjelset-Kleive - Vestnes Varfjell 1-2 (1-0)
Seriekamp, 4. divisjon Nordmøre og Romsdal
Fredag 18. august 2023 kl 19
Opdølbanen, 75 tilskuarar (5 Vestnes)
Mål:
1-0 (45) Vidar Nerland Flemmen
1-1 (46) Adrian Kosinski
1-2 (53) Eirik Leao Tomren
1-3 (62) Svein Erik Lange Male
Dommar: Eirik Hyldbakk Furu (Clausenengen). Assistendommarar: Harald Vebenstad (Averøykameratene) og Torkild Fosseide (Bjørset)
Ingen kort
Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Hjelme Connor; Justin Berild Sætre (Simon Ødegård Kjørvik 90.), Magnus Nerheim (Tor-Bjarne Løvik Salte 60.), Lars-Helge Lien, Svein Erik Lange Male - Vegar Bjørkevoll Skare (Leo Villa Krogseth 85.), Oliver Connor Søreng ( Airidas Skirgaila 90.), Leo Villa Krogseth (Elling Furland Olafsen 46.) - Amund Stavem (k) Adrian Kosinski, Eirik Leao Tomren (Lucas Pedersen Våge 72.)