Klubbhustomta
Klubbhustomta
Styret i Vestnes Varfjell IL ønskjer å bygge klubbhus i Vestnes idrettspark innan to år. I eit brev til Vestnes kommune ber idretteslaget om at dette prosjektet blir prioritert når "Delplan for idrett, friluftsliv og kulturbygg" no skal rullerast. Samtidig blir vidare utbygging av isbaneområdet, der VVIL vil legge kunstgras, bokstavleg talt lagt på is. VVIL er heller ikkje tilfreds med parkeringstilhøva i Vestnes idrettspark og ber kommunen snarast bidra til å finne ei løysing. Nedenfor kan du lese heile brevet til Vestnes kommune:


Vestnes Kommune

v/ Odd Jarle Talberg

6390 Vestnes

 


Rullering av delplan for idrett, frilufsliv og kulturbygg i Vestnes

 

Vestnes Varfjell IL har i styremøte 2. september hatt ”rullering av delplan for idrett , friluftsliv og kulturbygg i Vestnes ” oppe til drøfting og har følgjande innspel i denne delplana:

 

Klubbhus i Vestnes Idrettspark. VVIL har tidlegare og i samarbeid med Vestnes Kommune hatt ein tippemiddelsøknad om å byggje ei isbane på 60x30meter i Vestnes Idrettspark (VIP). Fyrste byggetrinn av dette anlegget vart ferdigstilt i 2005. Området er, slik det framstår i dag, ikkje eigna for idrettsaktivitet .VVIL har difor hatt planar om at området kan verte eit nærmiljøanlegg med kunstgrasdekke. Etter styremøte tysdag 2 september 2008 har VVIL ,grunna den økonomiske situasjonen og eit framtidig behov for eit klubblokale , bestemt å nedprioritere bygging og ferdigstilling av nærmiljøanlegget til fordel for å rette fokus mot bygging av eit klubbhus for våre 700 medlemmer innan 2 år i VIP.

 

Styret i VVIL ynskjer difor at VK gjennom ”delplan for idrett ,friluftsliv og kulturbygg ” legg inn våre planar for bygging av eit klubbhus i VIP .

 

Parkeringstilhøve og adkomst til VIP. Parkeringsområdet i samanheng med Vestnes Idrettspark har sidan 2005 hatt ei formidabel auke , både til idrettsaktivitet i VIP men også for friluftsinteresserte til og frå Kråkneset. VVIL opplever at parkeringstilhøva og trafikk til og frå VIP som ikkje tilfredsstillande og ynskjer av VK tek initiativ til at dette vert utbetra snarast råd.

 

VVIL ynskjer at parkeringsarealet i samanheng med VIP vert utvida og at tunnel / undergang til Helland sentrum vert oppgradert slik at trafikk til og frå VIP vert ivaretatt på ein tilfredsstillande måte.
 

 

Vestnes 3. september 2008

 

 

Kai M Stokkeland /s/

leiar VVIL