Tommy (til venstre), Cédrik og Casper (heilt til høgre) før kamp mot Malmefjorden.

Vestnes Varfjell har som kjent tre brør i stallen i år, og mot Malmefjorden borte sist var alle med frå start for første gong. Spelande trenar Tommy Kanishi Andreassen spelte på midten med Cédric Ronnie Hellström Andreassen bak seg i forsvaret og Casper Rolf Hellstrøm Andreassen på høgrekanten. Veslebror Casper slo like godt til med hattrick i kampen Vestnes Varfjell vann 5-2.

Alle tre har tidlegare og nyleg avdøde fotballegende Cato Andreassen, som far. Cato, som døde nyleg, spelte mange kampar for både Tomrefjord og Vestnes Varfjell. Cédric og Casper har i tillegg rikeleg med fotball-gener på mor-sida. Bestefaren er den svenske keeper-legenda Ronnie Hellström, eit namn som Cédrik no altså fører vidare. 

Om alle er skadefrie blir dei truleg å sjå saman også i kveld når Dahle kjem på besøk. Sidan det er VM-start også i kveld kan det jo passe å nemne at bestefar Hellström spelte hele tre VM for Sverige (1970, -74 og -78).

Cédric Ronnie Hellström Andreassen.
Casper Rolf Hellström Andreassen i midten.
Tommy Kanishi Andreassen i aksjon mot Malmefjorden.

Det har også vore tider med tre brør i Varfjell også tidlegare, men spel for andre klubbar i høgare divisjonar for enkelte av dei har gjort at det ikkje har skjedd i så mange sesongar.

Jørn, Viggo og Trond Klokset bak i treningsdrakter på lagbildet frå 1999.

Viggo, Jørn og Trond Klokset var dei tre siste fotballbrørne på Vestnes Varfjell. Dei var sist sett saman på banen i 1999-sesongen etter det me har klart å finne ut.

Tidlegare var Geir Åge, André og Håvard Sylte ein kjent trio på lokale fotballbaner. Dei spelte først saman i 1986 og sist i 1990.

Geir Åge og André Sylte (nr 5 og 6 bak) og Håvard Sylte (nr 2 framme) på lagbilde frå 1986.