Her har Casper Andreassen nettopp sett inn 0-1-målet.

28 sekund tok det for Casper Andreassen å skåre i bortekampen mot Malmefjorden sist torsdag. Det skjedde faktisk etter at det var Malmefjorden som tok avspark. Dei mista fort ballen som hamna hos Cédrik Andreassen. Han sendte eit langt framspel tll veslebror Casper som fyrte av eit skot som gjekk inn via ein malmefjording. 

Her kan du sjå video av skåringa:

Den raske nettkjenningen er likevel ikkje klubbrekord. Den har Ronny Leikarnes, som skåra etter berre ti sekund heime mot Braatt i 5. divisjon 30. juni 1996.

Også tidlegare i år skåra Vestnes Varfjell tidleg då Didrik Sæter sette ballen i mål mot Nordlandet/Frei etter 32 sekund.

 

Den uoffisielle lista over raskaste skåringar for Varfjell ser slik ut:

 

10 sekund:

Ronny Leikarnes, mot Braatt (h), 5. divisjon, 30. juni 1996

 

12 sekund:

Rolf Rypdal, mot Gossen (h), 4. divisjon,8. mai 1975

 

20 sekund:

Arjan Hulsker, mot Bøfjord (b), 3. divisjon, 28. august 1999

 

25 sekund:

Ronny Leikarnes, mot Moldekam (h), 4. divisjon, 2. august 1997

 

28 sekund:

Casper Andreassen, mot Malmefjorden (b), 5. divisjon, 4. juni 2026

 

30 sekund:

Finn Skjegstad, mot Eide (b), 4. divisjon, 7. juni 1976

 

32 sekund:

Didrik Sæter, mot Nordlandet/Frei (h), 5. divisjon, 21. mai 2026

 

35 sekund:

Roger Valldal, mot Ulvungen (b), 4. divisjon, 30. april 1977

 

50 sekund:

Ronny Leikarnes, mot Bryn 2 (h), 5. divisjon, 16. august 1996

Adrian Kosinski, mot Eide (h), 4. divisjon, 3. juni 2022

 

56 sekund:

Harald Innli, mot Tomrefjord (h), 5. divisjon, 20. september 1987

 

60 sekund:

Arne Johan Larsen, mot Eide (b), 4. divisjon, 24. mai 1997

 

 

Kjelde er jubileumsboka i 2000, så her må me dermed ta forbehold om at mål etter 2000-sesongen kan mangle.