Tore Akselse (th) i aksjon mot Gry/AK 2 i sommar.
Skadd: Tore Akselsen (th)
Trist bodskap no rett før jul: Tore Akselsen er ute i lang tid etter at han har røke av eit korsband i kneet. Kantspelaren pådrog seg skaden under innandørsfotball i haust. Dermed er han truleg ute i fleire månader, i verste fall kan heile 2009-sesongen ryke.

 

Det er sportsleg leiar Geir Åge Sylte som fortel den dårlege nyheita til varfjell.no. Akselsen har vore ein av dei mest sentrale spelarane på Vestnes Varfjell dei siste åra, og naturlegvis ein sentral spelar på laget i 3. divisjon komande sesong.

 

Ein korsbandskade kan anten legast ved opptrening eller operasjon/opptrening (les meir her). Andre Vestnes Varfjell-spelarar som har vore gjennom tilsvarande skade er Tarjei Rypdal Eide i 2002 og Oddgeir Vikås to år seinare. Ironisk nok er begge desse spelarane aktuelle for Vestnes Varfjell-spel att i 2009, og kan dermed vere med å fylle rommet etter Akselsen. Rypdal Eide har hatt eit kvileår under studiar i Volda, medan Vikås har spelt for Måndalen dei to siste sesongane.