Fredag er dagen å benke seg i Vestnes idrettsparkDet blir mest fredagskampar for Vestnes Varfjell denne sesongen også. Det er klart etter terminlistemøtet tirsdag der oppmann Gudmund Sylte stilte for Vestnes Varfjell. Seriestarten er flytta til fredag 24. april, då KBK 2 er motstandar. 16.-mai kampen mot Rival er også flytta, til fredag 15. mai, medan lokaloppgjeret borte mot Måndalen går torsdag 30. april for å sikre ei lang frihelg i samband med 1. mai.

 

Vestnes Varfjell fekk også gjennomslag for å flytte ein del av bortekampane til fredag. Dei to einaste heimekampane som ikkje går fredag er mot langtreisande Surnadal og serieavslutninga mot Træff der heile runden naturleg nok går på same dag.

 

3. divisjonstabellen kjem for øvrig til å "halte" heilt til sommaren. KBK 2 og Måndalen tjuvstartar nemleg serien helga før dei andre i ein kamp som er flytta fram frå 11. serierunde.

 

Terminliste 3. divisjon Terminliste 3. divisjon