Geir Åge Sylte og Svein Kåre Stjern. (Foto: GK)
Sylte (tv) og Stjern
Spelande trenar Alexander Connor og oppmennene Einar Helge Brennvik og Gudmund Sylte er alle i Skottland for å sjå landskamp. Dermed blir det gjensyn med Geir Åge Sylte på trenarbenken til Vestnes Varfjell i kampen mot Dahle 2 laurdag. Også Alec Connor, Lars Jørgen Skjegstad og B-lagsoppmann Svein Kåre Stjern skal hjelpe til frå sidelinja. Heimelaget manglar mellom anna spelande trenar Alexander Connor (Hampen Park), Vegard Ellingseter (ferie), Frank Nakken (jobb) og Elling Olafsen (karantene). Kampen startar kl 15. Les kampprogrammet her:

Program Vestnes Varfjell - Dahle 2 2008 Program Vestnes Varfjell - Dahle 2 2008


Sylte var hovudtrenar gjennom store delar av 1990-talet og inn på 2000-talet. Han har også vore sportsleg leiar det siste tiåret og har i år hatt ansvaret for Vestnes Varfjell 2 i 5. divisjon.