Stokkeland etter kampen mot Langevåg. (Foto: Asbjørn Vik)
Kalle Stokkeland
Vestnes Varfjell har blitt samd med Molde FK om ein låneavtale for Karl Arne Stokkeland. Midtbanespelaren skal spele for moderklubben ut vårsesongen i første omgang. - Ei solid forsterking for oss, seier trenar Alexander Connor. Også Per Kristian Os Nakken har meldt seg til teneste for klubben igjen etter at han har dimmitert frå militæret.


Stokkeland kan framleis spele for MFK junior i NM-cupen. Sportsleg leiar Geir Åge Sylte seier til varfjell.no at det har vore dialog med MFK og talentutviklar Odd Berg ei stund om Stokkeland. Utlånsavtalen for vårsesongen vart underskriven torsdag denne veka. I Vestnes Varfjell får Stokkeland reindyrke ei rolle og ein posisjon med spel på 3.-divisjonsnivå, noko han ikkje i like stor grad kan rekne med for MFK 2 i 2. divisjon.

Stokkeland var tilbake i Vestnes Varfjell-trøya alt i treningskampen mot Langevåg fredag kveld. Indreløparen spelte seg opp utover i kampen.

- Karl Arne vart berre betre og betre utover i kampen, og eg ser fram til å ha han tilbake på laget, seier Alexander Connor.

Med Per Kristian Os Nakken tilbake får Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor fleire valg på backplass. Os Nakken spelte ikkje kampen mot Langevåg fredag kveld.