Odd Berg og Karl Arne Stokkeland
Odd Berg og Kalle Stokkeland
Vestnes Varfjell-spelar Karl Arne Stokkeland (17) skreiv onsdag under ein toårskontrakt med Molde FK. Kontrakten vart underteikna i klubbhuset i Vestnes idrettspark. Odd Berg og Are Lervik var til stades frå MFK i samband med kampen mellom kretslaget G16 og Team Møre. Dei seier at Stokkeland er eit av talentene eliteserieklubben ønskjer å satse på, i første omgang skal han matchast på MFK 2 i 3. divisjon.

Stokkeland imponerte talentspeidarane til eliteserieklubben under Color Line Cup i Ålesund i januar der Stokkeland hospiterte på MFK junior.

Avtalen som er underskriven gir ikkje pengar til Vestnes Varfjell i første omgang, men den kan bli lukrativ dersom midtbanespelarar slår til. Kontrakten utløyser pengar ved 1, 15, 30, 45, og 100 spelte A-kampar. Vestnes Varfjell skal også ha prosentar av eit eventuelt vidaresal.

Sylte, Stokkeland, Lervik
Sylte, Stokkeland, Lervik
Varfjell.no ønskjer lukke til i blått og kvitt, sjølv om me gjerne skulle ha sett han i mørkeblått enno ei stund. Heldigvis er det open retur til moderklubben om han, mot formodning, ikkje skulle lukkast.