Nettportalen Sportsweb er i gang med å kåre "Årets side 2007" og varfjell.no er komne heilt i finalen. Ti nettsider konkurrerer om tittelen som blir avgjort ved at sidene gir poeng til kvarandre, i tilegg til ein fagjury.
Innhald, oppdateringar og design er vektlagt i kåringa. Vestnes Varfjell-sidene møter sterk konkurranse, då fleire av sidene har vore i finalen før og fleire av dei har også gått heilt til topps. Vinnaren blir klar i januar. Dei andre finalistane er Mandalskameratene Fyllingen Eidsvold Turn Elverum Solberg Kurland Sveiva (innebandy), Øvrevoll Hosle og Åkrene. Gå gjerne innom dei andre kandidatane og kom med tilbakemeldinger i meldingsfeltet under. Det kan vere til hjelp når me skal gje våre poeng.
Les meir om kåringa her >>