Øran stadion
Øran stadion (Foto:ÅIF)
Vestnes Varfjell er likevel med i årets vintercup. Vinnaren av turneringa Øran på Åndalsnes 8.-9. mars går vidare til sluttspelet i Molde. Fotballkretsen har fått få påmeldingar til sin cup og fryktar at årets turnering blir den siste.

Vestnes Varfjell møter Åndalsnes fredag 8. februar og Isfjorden og Måndalen dagen etter i det som blir kalla Partnercup. Omgangane blir på 35 minutt. Det er også bestemt at Isfjorden, som er i 5. divisjon, skal få ein handikapstraffe i kvar kamp for å utlikne divisjonsforskjellen. Dette er same reglar som for vintercupen. Vestnes Varfjell og Åndalsnes får likevel ikkje denne fordelen i kampane mot Måndalen.

I ein førehandsomtale i Åndalsnes Avis seier arrangøren at dei ønskjer at dette skal bli ei prestisjeturnering der målet er å kåre det beste romsdalslaget sør for Romsdalsfjorden.

Erik Hals i fotballkretsen  er glad for at turneringa på Åndalsnes blir med som ein del av vintercupen. Til Romsdals Budstikke seier han at årets cup kan bli den siste i kretsregi då interessa for ein cup på kunstgraset i Molde har vore dalande i takt med at klubbane sjølv har fått eigne kunstgrasbaner.

Les meir her >>