Les også: 20 spelarar har teikna kontrakt
Rickard Tomren tel ifølge Sunnmørsposten på knappane om han skal gå på ein ny sesong i 2. divisjon. Tomrefjordingen er ønska av fleire klubbar, mellom anna sin gamle klubb Spjelkavik.
Thomas Flemmen, som vart kåra til "Årets profil i lokalfotballen" i Romsdals Budstikke i fjor, er eit anna interessant namn. Han er alt godt integrert i fotballmiljøet på Vestnes i og med at han spelar innandørsfotball for Vestnes Futsal.
- Me har fått beskjed frå klubbane til desse spelarane at dei er under kontrakt, og det er noko me respekterer, seier sportsleg leiar Geir Åge Sylte i Vestnes Varfjell til varfjell.no.
Vestnes Varfjell har også kontakta Træff med tanke på overgang for den uge og lovande keeperen Arild Mundal.
Vegar Skare, som gjorde ein god debutsesong for Måndalen i 3. divisjon, er også ønska tilbake. Det same gjeld spissen Oddgeir Vikås, som var toppskårar for Vestnes Varfjell i 2004.
- Vegar har kontrakt med Måndalen i eitt år til, noko som vanskeleggjer ein overgang. Samtidig var me fleksible ei tilsvarande sak då Audun Leikarnes meldte overgang til Måndalen i sommar midt i ein kontrakt med oss, seier Sylte.
Ein ny mann er alt på plass. Det er Marius Flølo som har meldt overgang frå nabo Tomrefjord, der han vel var litt inn og ut av laget i 5. divisjon i fjor.
Vestnes Varfjell er også blitt kontakta av Måndalen som ønskjer å snakke med tre spelarar. Det er Nirut Mjøs og førsteårsjuniorane Tor Gunnar Venås og Marius Ulla. Mjøs har kontrakt også for neste sesong. Venås debuterte på B-laget i 5. divisjon i haust, medan Ulla spelte på G16.