Noah Johannes Johansen har spelt sin siste kamp for Vestnes Varfjell i denne omgang. Den unge spissen har flytta til Sogn for å gå på skule og meldt overgang til Balestrand IL.
Johansen har spelt 12 kampar og skåra 2 mål for A-laget til Vestnes Varfjell sidan debuten i fjor.
Hans nye klubb spelar i 6. divisjon Sogn og Fjordane under namnet Balestrand/Fjøra 2 der dei toppar si avdeling.
Me ønsker lykke til og velkommen tilbake når den tid kjem!