Frå bortekampen mot Eide.

Eide er motstandar når Vestnes Varfjell skal kjempe om nye poeng i 4. divisjon fredag.

Sjølv om poengfangsten har vore laber i det siste. har det vore periodar med bra spel. Sjanseskapinga har det heller ikkje vore noko å seie på. Det er bakover det har svikta, og gjort at laget har sluppe inn 50 mål som er mest i divisjonen.

Gjestane frå Eide starta sesongen bra med 1. runde i NM og kamp heilt i toppen av avdelinga lenge. Sidan har laget mista fleire sentrale spelarar som gjekk på folkehøgskule i Molde. Dei tapte 0-5 mot Midsund sist, men heldt Træff 2 til 1-1 borte berre for to veker sidan. Laget har også fått ein ny spelar frå nettopp Træff 2, viser oversikten på fotball.no. 

Frå bortekampen mot Eide.

Eide blir trent av tidlegare Molde-S Ole Bjørn Sundgot. Kampen i vår endte med 3-2 seier til Eide etter ei sein skåring.

Avspark er klokka 19 i Vestnes idrettspark, her er det berre å møte opp for å støtte heimelaget.

Sjekk fotball.no og Twitter/X for oppdateringar.

Det er tett i botn av tabellen og alle poeng tel for å unngå ein av det som i skrivande stund er 1-2 nedrykksplassar (avheng av kor mange lag som rykker ned frå 3. divisjon frå vår krets og om avdelingsvinnar rykker opp eller ikkje.

 Runde 16 Alle kampar fredag kl 19
 
Dahle - Sunndal 19:00
 
Elnesvågen - FCK 19:00
 
Midsund - Averøykameratene 19:00
 
Tomrefjord - Træff 2 19:00
 
Vestnes Varfjell - Eide 19:00
 
Åndalsnes - Malmefjorden 19:00
Tabellen k s u t Mål p
1
Åndalsnes
15 11 3 1 46 - 6 36
2
Træff 2
15 9 3 3 37 - 26 30
3
Midsund
14 9 2 3 37 - 11 29
4
Elnesvågen
14 9 2 3 37 - 18 29
5
Dahle
15 7 1 7 40 - 41 22
6
Eide
15 7 1 7 31 - 36 22
7
Sunndal
15 6 1 8 11 - 23 19
8
FCK
14 4 4 6 30 - 29 16
9
Averøykameratene
15 4 2 9 23 - 35 14
10
Malmefjorden
15 3 4 8 31 - 38 13
11
Vestnes Varfjell
15 3 2 10 24 - 50 11
12
Tomrefjord
14 2 3 9 10 - 44 9