Vestnes Varfjell tar turen over fjorden i jakt på nye poeng i 4. divisjon fredag,
Topplaget Træff 2 blir som alltid ei tøff nøtt på Reknesbanen. A-laget til Træff har ikkje kamp før måndag i 2. divisjon, noko som kan prege laguttaket. Eide klarte å halde dei til 1-1 sist søndag.
Tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Daniel Gravdehaug var tungen på vektskåla då Træff vann 3-1 i oppgjeret på Vestnes i vår.
Siste Vestnes Varfjell-seier borte mot Træff 2 kom i 2018 då skåringar av Amund Stavem, Håkon Kjørvik, Knut Stian Eik og Markus Moen Brudeseth 2 sørga for 5-1 og god stemning på ferja heim.
Avspark er klokka 19 og det ser ikkje ut til at kampen blir streama, så her er det berre å ta turen for å støtte bortelaget.