Frå fjorårets kamp på Øran.

Vestnes Varfjell tar fredag turen til Øran stadion i jakt på nye poeng i 4. divisjon.

Heimelaget Åndalsnes har toppa tabellen det meste av sesongen og står utam tap på eige kunstgras. Med andre ord blir det ei knalltøff oppgåve for eit Vestnes Varfjell-lag som kjempar i andre enden av tabellen.

Vårkampen endte med seier 3-1 til ÅIF, men det var jamnt lenge etter at Knut Stan Eik sendte Vestnes Varfjell i føringa.

Vestnes Varfjell kjem frå ein etterlengta seier i lokaloppgjeret mot Tomrefjord. Åndalsnes tapte 1-4 borte mot eit sterkt Træff 2-lag. Nettopp Træff 2 er no oppe i ryggen på sÅIF og har gitt serieleiaren kamp om å vinne avdelinga saman med Midsund og Elnesvågen.

Det er med andre ord to lag med mykje å spele om som møtest på Øran fredag. Kampstart er klokka 19. Her er det berre å ta turen for å støtte bortelaget.