Elnesvågen er gjestar i Vestnes idrettspark fredag i det som er årets nest siste heimekamp.
Heimelaget må riste av seg ein svak kamp borte mot Åndalsnes sist og komme tilbake til same innsats som mot Tomrefjord i forrige heimekamp. Forhåpentlegvis er eit par mann tilbake til denne kampen.
Gjestane kjem frå 5-0 borte mot Malmefjorden og har for alvor blanda seg inn i tetkampen. Begge lag skulle dermed ha alt å spele om i kveld.
Vårkampen i Elnesvågen endte 2-2, medan fræningane vann 4-2 i ein jamn kamp i fjor.
PS: Det er venta storfint besøk i Vestnes idrettspark i kveld. Ein av dei mest kjente banehopparane i Norge, Marius Helgå, vil nemleg vere på plass til det som blir hans bane nummer 800! Ranværingen, busett i Oslo, reiser land og strand for å sjå fotballkampar. Sidan han også held med Tromsø, blir det eit stopp på Vestnes før laurdagens kamp mot Molde på Aker stadion. Me ønsker velkommen til Vestnes og håper på ei god oppleving i lokal breiddefotball.
Avspark er som vanleg klokka 19.
Møt opp og støtt heimelaget i kampen om nye poeng!