Knut Stian Eik sørger for å få ballen over streken til 1-0.

(Vestnes Varfjell - Åndalsnes 1-3) Knut Stian Eik gav Vestnes Varfjell leiinga då Åndalsnes gjesta Vestnes idrettspark fredag kveld. Heielaget heldt unna lenge, men til slutt kunne serieleiaren reise heim med alle poenga.


Seiersvante raumaværingar kom til Vestnes for å møte eit heimelag som skulle "reise kjerringa" etter det forsmedelege stortapet mot Tomrefjord sist. Det var då også gjestane som opna med eit stort press og berre ein god Egil Dalhaug hindra baklengs i startminutta.

I staden tok heimelaget frekt leiinga etter åtte minutt. Noah Johansen gjorde forarbeidet før Amund Stavem skaut i stolpen. Ballen traff ryggen på ein uheldig keeper og Knut Stian Eik sørga for å få ballen over streken til 1-0.

Eik blir gratulert med skåring.

Resten av omgangen vart ein forsvarskamp, utan at Åndalsnes skapte all verda før heilt mot slutten. Då måtte igjen Dalhaug avverge to gode sjansar før ballen small i tverrliggaren på overtid. 1-0 ved halv tid og heimelaget kunne gå til pause med applaus frå publikum.

Andre omgang starta med at gjestane igjen trefte metallet, denne gongen heilt i krysset. Så jamna det seg meir ut og Leo Krogseth hadde sjansen til å auke til 2-0, men skotet gjekk utanfor. Noah Johansen hadde også sjansen, men lobben frå skrått hald gjekk like over då timen var spelt.

Like etter fekk omsider ÅIF uttelling då Ronald Dutra Paiva var sist på eit hardt innlegg som gjekk gjennnom Varfjell-forsvaret. 

Varfjell pressa litt på etter dette og Amund Staven var nære å ta tilbake leiinga, men skaut over. Tommy Kanishi kom også igjennom, men kom for skrått på mol og skotet gjekk utanfor kvareret før slutt.

Noah Johansen lobbar over, der kunne det stått 2-0.
Tommy Kanishi igjennom, men kjem for skrått på mål.

Kanishi måtte etter kvart ut, og det røyna på for heimelaget. ÅIF viste no at dei har trent betre, og tok over mot slutten. Etter 79 minutt kom dei litt for lett igjennom etter eit balltap på midtbana, og Ronald Dutra Paiva vart i tomålsskårar då han la på til 2-1 etter eit mål likt hans første. David Aleksander Ytterli Olsvik fastsette resultatet til 3-1 like etterpå med eit skot på første stolpe.

Sjølv om det vart tap, var det mykje bra å ta med seg etter denne kampen. Det var i alle fall ein heilt anna innsats enn på 16. mai.

Elnesvågen borte er neste kamp.

Vanningspause i varmen.
 

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell - Åndalsnes 1-2 (1-0)

4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 24. mai 2024 kl 19

Vestnes idrettspark, 170 tilskuarar

1-0 (8) Knut Stian Eik
1-1 (64) Ronald Dutra Paiva
1-2 (79) Ronald Dutra Paiva
1-3 (81) David Aleksander Ytterli Olsvik
Dommar: Adrian Bratli, Elnesvågen. Assistentdommarar: Modolf Holm, Isfjorden og Oliwier Grzegorz Deuter, Elnesvågen
Gult kort: Knut Stian Eik (63), Leo Villa Krogseth (87) og Magnus Nerheim, Vestnes Varfjell. Tobias Slettaløkken (90), ÅIF
 
Laget: Egil Dalhaug; Cédric Ronnie Hellström Andreassen (Eirik Leao Tomren 68.), Ørjan Tangen (Ole Håkon Heen Lien 86.), Tor-Bjarne Løvik Salte, Lars-Helge Lien Tommy Kanishi Andreassen (Magnus Nerheim 82.), Didrik Selnes Sæter (Svein Erik Lange Male 82.), Leo Villa Krogseth, Amund Stavem (k) - Noah Johannes Johansen (Elling Furland Olafsen 62.), Knut Stian Eik
DSC_4499
DSC_4499
DSC_4500
DSC_4500
DSC_4501
DSC_4501
DSC_4502
DSC_4502
DSC_4503
DSC_4503
DSC_4504
DSC_4504
DSC_4505
DSC_4505
DSC_4506
DSC_4506
DSC_4507
DSC_4507
DSC_4508
DSC_4508
DSC_4509
DSC_4509
DSC_4510
DSC_4510
DSC_4511
DSC_4511
DSC_4512
DSC_4512
DSC_4513
DSC_4513
DSC_4514
DSC_4514
DSC_4515
DSC_4515
DSC_4516
DSC_4516
DSC_4517
DSC_4517
DSC_4518
DSC_4518
DSC_4519
DSC_4519
DSC_4520
DSC_4520
DSC_4521
DSC_4521
DSC_4522
DSC_4522
DSC_4523
DSC_4523
DSC_4524
DSC_4524
DSC_4525
DSC_4525
DSC_4526
DSC_4526
DSC_4527
DSC_4527
DSC_4528
DSC_4528
DSC_4529
DSC_4529
DSC_4530
DSC_4530
DSC_4531
DSC_4531
DSC_4532
DSC_4532
DSC_4533
DSC_4533
DSC_4534
DSC_4534
DSC_4535
DSC_4535
DSC_4536
DSC_4536
DSC_4537
DSC_4537
DSC_4538
DSC_4538
DSC_4539
DSC_4539
DSC_4540
DSC_4540
DSC_4541
DSC_4541
DSC_4542
DSC_4542
DSC_4543
DSC_4543
DSC_4544
DSC_4544
DSC_4545
DSC_4545
DSC_4546
DSC_4546
DSC_4547
DSC_4547
DSC_4548
DSC_4548
DSC_4549
DSC_4549
DSC_4550
DSC_4550
DSC_4551
DSC_4551
DSC_4552
DSC_4552
DSC_4553
DSC_4553
DSC_4554
DSC_4554
DSC_4555
DSC_4555
DSC_4556
DSC_4556
DSC_4557
DSC_4557
DSC_4558
DSC_4558
DSC_4559
DSC_4559
DSC_4560
DSC_4560
DSC_4561
DSC_4561
DSC_4562
DSC_4562
DSC_4563
DSC_4563
DSC_4564
DSC_4564
DSC_4565
DSC_4565
DSC_4566
DSC_4566
DSC_4567
DSC_4567
DSC_4568
DSC_4568
DSC_4569
DSC_4569
DSC_4570
DSC_4570
DSC_4571
DSC_4571
DSC_4572
DSC_4572
DSC_4573
DSC_4573
DSC_4574
DSC_4574
DSC_4575
DSC_4575
DSC_4576
DSC_4576
DSC_4577
DSC_4577
DSC_4578
DSC_4578
DSC_4579
DSC_4579
DSC_4580
DSC_4580
DSC_4581
DSC_4581
DSC_4582
DSC_4582
DSC_4583
DSC_4583
DSC_4584
DSC_4584
DSC_4585
DSC_4585
DSC_4586
DSC_4586
DSC_4587
DSC_4587
DSC_4588
DSC_4588
DSC_4589
DSC_4589
DSC_4590
DSC_4590
DSC_4591
DSC_4591
DSC_4592
DSC_4592
DSC_4593
DSC_4593
DSC_4594
DSC_4594
DSC_4596
DSC_4596
DSC_4597
DSC_4597
DSC_4598
DSC_4598