Marius Helgå flankert av oppmann Frode Lien og trenar Alexander Connor.(Foto: Pål Magne Bjørdalsbakke)

Marius Helgå fekk drakt som synleg bevis på at besøket på Vestnes fredag var hans 800. bane.

Banehopparen frå Mo i Rana og Oslo hadde køyrt heile vegen frå Oslo for å få med seg kampen mellom Vestnes Varfjell og Elnesvågen fredag. 

Det var samtidig hans bane nummer 800 der han har sett fotballkamp. 

Sidan han også held med Tromsø, blir det eit stopp på Vestnes før laurdagens kamp mot Molde på Aker stadion. 

Les også meir om besøket i Romsdals Budstikke.

Helgå er også aktiv på Twitter/X og har eigen blogg der han skriv om kampane. Dette skriv han etter besøket på Vestnes.

Det høyrer med til historia at han gjekk glipp av Knut Stian Eiks frekke vinnarmål. Då hadde Helgå nemleg dratt for å rekke ferja til Molde.