Knut Stian Eik (i midten) skåra det første målet i kampen.

(Eide og Omegn - Vestnes Varfjell 3-2) Vestnes Varfjell gjennomførte ein god bortekamp mot høgtflygande Eide, men måtte reise heim utan poeng. Knut Stian Eik og Svein Erik Lange Male på straffe var målskårarar i ein kamp der den gamle storskåraren Stig Roar Søbstad vart matchvinnar heilt på slutten.

Trenar Alexander Connor var skuffa etter kampen:

- Eg føler at me hadde fortent eit poeng, men dessverre går marginane litt imot oss i kveld. Tommy (Kanishi) måtte ut tidleg med skade, og det prega oss utover i første omgang. Etter pause er me meir med og eg føler ikkje at dei skaper altfor mykje på oss. Dessverre glepp det på slutten, men me får ta med oss det positive. Knut Stian (Eik) skåra igjen og Amund (Stavem) var banens gigant. Nå ser me fram mot to tøffe lokaloppgjer mot Tomrefjord og Åndalsnes, seier Connor til varfjell.no.

MFK brukte ein time før dei dei greidde å skåre mot Eide i cupen tidlegare i vår. Knut Stian Eik og Vestnes Varfjell brukte berre 13 minutt. Tommy Kanishi Andreassen gjorde forarbeidet då han raida ned langs venstrekanten. Framom mål kunne Eik, som starta sin første kamp på eitt år sidan ein alvorlig kneskade, breiside inn 0-1. Før dette hadde Amund Stavem sett tonen alt etter to minutt då eit skot traff tverrliggaren.

Dessverre måtte Kanishi gje seg med ein trøblete rygg like etter skåringa, og Ole Bjørn Sundgots gutar tok etter kvart over banespelet. Etter 24 minutt greidde ikkje Varfjell-forsvaret å rydde unna etter eit frispark og laga var like langt etter at Jørgen Engerud fann ei opning ute ved stolpen. Resten av omgangen var jamnspelt.  Vestnes Varfjell kom nærme 2-1 på eit godt frispark frå Lars-Helge Lien som Eide-keeperen redda, men det sto 1-1 ved halv tid.

Andre omgang starta med ein trippelsjanse der både Knut Stian Eik, Leo Krogset og Noah Johansen prøvde seg, men Eide fikk rydda unna. Didrik Sæter kom også igjennom, men keeper var med på notane.

Eide kom sterkare utover i omgangen og hadde først ein stor sjanse før dei tok leiinga på eit flott skot oppe i krysset ved Isak Tønnesen. Då var det spelt 70 minutt, og det talrike publikummet trudde nok no at heimelaget skulle ta det.

Men Vestnes Varfjell hadde ikkje gitt opp og berre seks minutt seinare var laga like langt igjen. Eirik Tomren vart felt innanfor 16-meteren og Svein Erik Lange Male sette inn 2-2 med ein velplassert markkrypar frå 11 meter.

Egil Dalhaug heldt Varfjell inne i kampen med ei god redning etter 78 minutt, men seks minutt seinare glapp det: Stig Roar Søbstad har spelt fotball på høgt nivå i Norge og på Farøyane, Veteranen vart hiva innpå på slutten, og "sjølvsagt" var det han som skulle avgjere. Eit innlegg gjekk over Varfjell-forsvaret og der dukka Søbstad opp og kunne sette inn seiersmålet til stor jubel.

Alt i alt ein fortent seier til Eide, men bitter for Vestnes Varfjell å tape det heilt på slutten.

Neste kamp er borte mot Tomrefjord 16. mai.

KAMPFAKTA:

Eide og Omegn - Vestnes Varfjell 3-2 (1-1)

4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 10. mai 2024 kl 19

Eide kunstgressbane, 190 tilskuarar

Mål: 

0-1 (13) Knut Stian Eik
1-1 (24) Jørgen Engerud 
2-1 (70) Isak Tønnessen
2-2 (76) Svein Erik Lange Male, straffespark
3-2 (84) Stig-Roar Søbstad
 
Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive
Gult kort: Knut Stian Eik (53) og Håkon Ødegård Kjørvik (81), Vestnes Varfjell. Ole Martin Halås (45), Eide
 

Vestnes Varfjell:

Vestnes Varfjell (4-3-3):

  • 12 Egil Dalhaug
  • 22 Simon Ødegård Kjørvik
  • 23 Svein Erik Lange Male 
  • 66 Lars-Helge Lien
  • 95 Tor-Bjarne Løvik Salte
  • 8 Vegar Bjørkevoll Skare
  • 10 Amund Stavem (k)
  • 17 Leo Villa Krogseth
  • 14 Knut Stian Eik  
  • 18 Eirik Leao Tomren
  • 80 Tommy Kanishi Andreassen

Inn:

  • 2 Håkon Ødegård Kjørvik for Simon Kjørvik 71.
  • 6 Ørjan Tangen for Svein Erik Lange Male 88.
  • 15 Lucas Pedersen Våge for Lars-Helge Lien 86.
  • 24 Didrik Selnes Sæter for Vegar Skare 65.
  • 27 Noah Johannes Johansen for Tommy Kanishi 18.
  • 28 Sverre Olgar Lindset for Leo Krogset 86.