Ronny Leikarnes (t.v.) og Roger Moen.

Etter Vestnes Varfjell - Frei sist fredag kom me over dei to gamle storskårarane Ronny Leikarnes og Roger Moen i ein passiar etter kampen. Dei likte nok det dei såg i ein målrik kamp som endte heile 8-0 til heimelaget. Legendene har skåra hundrevis av mål i lokalfotballen.

Vår eigen Ronny Leikarnes har me full kontroll på. Vikebuktingen stoppa på 325 mål på 385 kampar og toppar adelskalenderen i Vestnes Varfjell. Dette er obligatoriske kampar, i tillegg kjem alle treningskampane.

Roger Moen er eldst av dei to, men faktisk framleis litt aktiv. I år har 57-åringen vore på banen ein gong i 5. divisjon for Måndalen / Vestnes Varfjell 2. I eit intervju med Åndalsnes Avis i 2022 meinte han at han hadde passert 500 kampar og 400 mål.

Han har no sonen Lucas Vold Moen som kan spele både for Vestnes Varfjell og Måndalen. Ronny Leikarnes er trenar for Vestnes Varfjel G13 der sonen Marius spelar.