Frei er ferdigspelt i årets 4. divisjon.

Etter at rykta har gått ei stund, er det no stadfesta at Frei FK har trekt laget sitt frå årets 4. divisjon. Fotballkretsen har også oppdatert tabellen for 4. divisjon Nordmøre og Romsdal der Frei dermed er nulla ut og har rykka ned allereie.

0-8-tapet på Vestnes fredag vart dermed det siste dei gjorde i årets 4. divisjon. I runden før måtte dei melde avbud i kampen mot Elnesvågen. Dei vil no konsentrere seg om laget i 6. divisjon.

For Vestnes Varfjell betyr det tre tapte poeng og åtte plussmål mindre. Laget mistar også 7. plassen. At Frei trekker seg vil likevel ikkje få store konsekvensar då dei hadde tapt alle sine kampar så langt med til dels store sifre. Laget frå Kristiansund rykka opp frå 5. divisjon i fjor.