Det er duka for eit aldri så lite "Alexander Connor-derby" når Vestnes Varfjell møter Træff 2 på bortebane i 4. divisjon klokka 15 søndag.
Dette blir norsk-skottens første møte med gamleklubben etter at han sa takk for seg i vinter. Då hadde han leia sitt kjære Vestnes Varfjell frå sidelinja og som spelande trenar i til saman 17 sesongar.
Som venta klarte han ikkje å halde seg lenge ute av lokalfotballen. Hans gode trenarkollega Kjell O. Moen lokka han over fjorden for å bli ein del av det nye trenarteamet for reservelaget i Træff. Det har gått strålande, og Træff 2 er heilt i toppen av 4. divisjon med 0-0-kampen heime mot Midsund som einaste poengtap.
Søndag er det altså eit Vestnes Varfjell-lag i poengnød som står på motsatt banehalvdel på Reknesbanen. Connor klaga alltid på at Træff 2 toppa laget mot Varfjell då han var trenar der, men overfor Varfjell.no kan han ikkje love noko gratis for sine sambygdingar på bytur.
-- Men eg håper Varfjell vinn alle andre kampar enn mot Træff 2!
Og for den som måtte vere i tvil:
- Hjertet mitt er mørkeblått. Varfjell vil for alltid vere klubben i mitt hjerte, forsikrar han.

Der er for øvrig ikkje sikkert at det er verst å møte Træff 2 "toppa". Det einaste poengtapet kom med "halve" A-laget, inkludert Vegard Forren, i startoppstillinga.
Ein frå A-stallen til Træff som har levert varene for Træff 2 er Daniel Gravdehaug. Alexander Connor var som kjent lite blid då kantspelaren vart snappa opp av Træff i fjor etter at han først skreiv under for Vestnes Varfjell. No er han endeleg gjenforeint med sin tidlegare elev. Seinast i toppkampen borte mot Tor-Bjarne Løvik Salte og Åndalsnes sist skåra vestnesingen tre mål og var sterkt delaktig i 4-2-triumfen på Øran.
Træff møter Vard Haugesund heime i 2. divisjon laurdag, og dei som ikkje spelar der er aktuelle for andrelaget dagen etter.
PS: Connor og Gravdehaug kan faktisk vere med på å sikre plassen for sin gamle klubb. Dersom Træff 2, eller eit anna lag frå avdelinga, rykker opp, vil det nemelg redusere nedrykket med eitt lag. Medtrenar Moen kan dermed potensielt gjere same teneste for sin gamle klubb Eide.
-- Det hadde vore eit utruleg scenario, seier Alexander Connor før han understrekar at det er langt fram.
Først må dei altså komme seg forbi eit truleg defensivt orientert Vestnes Varfjell-lag som kjem med fornya sjølvtillit etter storseieren sist, sjølv om kampen no stroken etter at Frei trekte laget. Forhåpentligvis blir det ein del vestnesingar på tribunen også søndag. Kampstart er klokka 15. Då er det også muleg å få med seg eliteseriekampen Molde-Viking etterpå (kampstart 19.15)