Regjeringa vil gje meirverdiavgift-kompensajon for varer og tenester til frivillige organisasjonar. Vedtaket gjer dagens i dag til ein stor dag for oss som driv med frivillig arbeid. Våre planar om klubbhus med oppstart våren 2010 vil med dette vedaket ha kome eit langt steg vidare. Det blir no rekna kostnader fram til ekstraordinært årsmøte i haust.
Tidlegare har vi "fått" 33 % tippemidlar ved igangsetting av prosjekt med tippemiddelgodkjenning. Tidlegare måtte også lag og org. tilbakebetale 25% av totalkostnadane i form av mva. Tidspunkt for årsmøtet vert kunngjort i lokalavisa og på vår heimeside.
VVIL vil i desse dagar få oversikt over eit budsjett for klubbhuset i VIP som vert utarbeidd av Lønnheim Entreprenør. Dette forslaget til budsjett vil bli tema på neste styremøte i VVIL i veke 26 og eit seinare oppsett ekstraordinært årsmøte i august/september.