Klubbhus og tribuner kan stå klart i 2010. Teikning: Hans Aakernes
Slik kan det bli.
VVIL ønskjer å takke alle våre aktive utøvarar, våre trenarar og leiarar, våre styremedlemmer og andre tillitsvalde for nok eit aktivt idrettsår. Alle gjer på kvar sin måte – året igjennom, sin del slik at vårt rike fellesskap i dag består av ca 500 aktive og om lag 200 støttemedlemmar.

 

Våre to største grupper er fotball og handball. Handballen har i dag like mange aktive utøvarar som fotballen, treng nytt banedekke og eit nytt og betre kiosktilbod. Handballgruppa og hovedstyret har mange og store utfordringar å ta tak i og eg veit at det der ute blant våre gamle, nye og komande medlemmer er personar som brenn for barn og unge si aktive fritid – me er middelet og saman skal me nå våre nye mål på og utanfor idrettsarenaen.

 

Me kan skape mykje aktivitet utan pengar, men eg må få takke Kjell Inge Røkke, Sparebanken Møre og andre sponsorar av idretten – utan økonomiske bidraga ville byrdene på den enkelte aktive, foreldre og hovudstyret blitt formidable. VVIL har eit budsjett, samla sett, på omlag 2 millionar kroner. Fotballen åleine har med utgangspunkt i statistikkar (NFF 07)  40% av alle born og unge mellom 6 og 19 år som aktive. Tar me med handball og øvrige idrettar i kommunen, kan me slå fast at om lag 60% av ungdommen er medlemmar av eit lag eller foreining i Vestnes. Når skal rikspolitikarane oppdage at denne aktiviteten er førebyggjande og samfunnsøkonomisk riktig og viktig å byggje vidare på gjennom auka overføringar? Myndigheitene kan tildømes, som ein god start, slutte med å krevje meirverdiavgift på investeringar som idretten satsar sitt engasjement og dugnadsiver på.
PS: Kjell Inge Røkke er gjennom ”Prosjekt tilhørighet” i MFK den største enkeltståande sponsoren i VVIL. I år bidrog sesongkortsal på Aker Stadion til at idrettslaget fekk kr 259.000,- til vår aktivitet. Takk også, naturlegvis, til nye og framtidige sesongkortkjøparar - ditt bidrag støttar VVIL direkte samstundes som MFK får meir publiktum på ”Røkkeløkka”.


Politiattest for alle leiarar og trenarar innan barne- og ungdomsidrett er eit nytt moment som er kome for alle som er tilslutta Norges idrettsforbund (NIF). Dette pålegget skal gjelde frå 2009 og skal hindre uheldige overgrep frå vaksne som har ledar og trenaransvar innan idretten. Pålegget frå NIF sluttar styret i VVIL seg naturlegvis 100% bak, sjølv om dette medfører eit meirarbeid. I praksis vil dette medføre at alle i VVIL som har ansvar for idrettsaktivitet innan barne og ungdomsaktivitet må ha ein politiattest som vert sendt frå politiet til den enkelte leiar/trenar som VVIL har registrert. Deretter skal personen med tillitsverv i idrettslaget førevise denne til ein person i VVIL som har ansvar for gruppene i høvesvis handball, barneidrett og fotball. Sjå meir om dette og søknadsskjema her på varfjell.no.

 

Oversiktsbilde som også viser planar for fiskeplass ved Straumen. Teikning: Hans Aakernes
Teikning: Hans Aakernes
Nytt klubbhus i 2010? – ein samlingsplass, ein stad å vare i Helland!
Styret i VVIL har mykje å takke tidlegare støttespelarar og styremedlemar for. Vestnes Idrettspark opna i 1965, og er i dag strategisk plassert. Det neste store løftet i ”Parken” blir realisering av nytt klubblokale med garderobar, kantine, trimrom, møterom og ”ein ny stad å vere” for ungdomen i Helland. Nøktern og fornuftig økonomistyring over lang tid skal gjere oss i stand til å gjennomføre dette løftet. Samstundes som ”Prosjekt tilhørighet” og ein nyoppstarta ”grasrotandel”  frå  norsk tipping frå mars 2009 truleg etterkvart vil erstatte ”automatinntektene”. Storleik ,innhald og økonomiske rammer for dette bygget vil forhåpentlegvis bli avklara for årsmøtet i april 2009. Styret håpar at lokaliseringa kan bidra til at eksterne interesser ser mogelegheiter i dette bygget.

 

Vestnes Næringsforum og Vestnes kommune er kjent med våre klubbhusplanar, og er det nokon der ute som har behov for areal i Helland så kan vi kanskje være ein aktuell samarbeidspartnar?

 

Ei slik utbygging vil uansett omfang krevje stor dugnadsinnsats, bidrag frå sponsorar og ikkje minst ei gruppe med entusiastar som vil bruke si fritid på sveising, røyrlegging, støyping, muring, snekkering med vidare. Kort sagt treng med dugnadshjelp til alt som kan gjerast for å minske VVIL sine kostnader utan at dette går utover kvalitet.  Skissa over Vestnes idrettspark er teikna av Hans Aakernes og  syner eit bygg med reisverk og konstruksjon i stål og leca.  Med enkle endringar i planløysing kan bygget også få ekstern interesse. Dette og andre moment vil kome fram på VVIL sitt årsmøte i april der ”prosjekt klubbhus” kjem på agendaen.

 

 

Eit nytt aktivt år er omme – VVIL rykte opp i 3. divisjon og vårt unge og framstormande lag skal prøve seg mot dei beste laga  i Nordmøre og Romsdal fotballkrets i 2009 - vidare skal vårt 5.-divisjonslag forsøke å kvalifisere seg for spel i 4. divisjon. Styret ønskjer med dette alle bidragsytarar på og utanfor idrettsbana i vårt rike  fellesskap,  ei riktig god jul og lukke til med eit nytt aktivt 2009.

 

Kai Magne Stokkeland
Leiar, Vestnes Varfjell IL