Knut Øyvind Hoem er tilbake i Vestnes Varfjell-trøya. Backen har dei siste tre sesongane spelt for Øya FC i Trondheim under studiane der. Med Hoem på laget rykte Øya opp frå 5. divisjon i fjor og har no plassert seg i teten i årets 4. divisjon. Også ein annan vestnesing, Trond Klokset, spelar for Øya. Hoem har no flytta tilbake til Vestnes, der han skal inn i lærarjobb i Vestnes kommune, melder sportsleg leiar Geir Åge Sylte til varfjell.no.
For Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor betyr det at han får enda ein spelar å velje blant i ein frå før brei stall. Hoem spelte mest back i sin siste periode i Vestnes Varfjell. Skorgingen står frå før med 53 seriekampar og 3 mål for Vestnes Varfjell.