Connor og damene
Trenar Connor og laget som forsvann.
Det har vore stille rundt damelaget ei stund no og grunnen er enkel: Laget er trekt frå seriespelet. Ganske utruleg med tanke på at det under kartlegginga i vinter dukka opp 34 namn på spelarar som kunne tenke seg å vere med. Laget var først sett opp i 11-arserien, men vart seinare påmeldt som sjuarlag. Då det heller ikkje var nok spelarar til eit slikt lag, vart heile laget trekt. Trenar Alex Connor senior seier dette er synd, først og fremst for dei spelarane som ville delta og som no ikkje har noko tilbod.


Damlaget vart trekt før kampen mot Batnfjord 15. mai, men hadde heller ikkje nok spelarar til kampane mot Træff og Åndalsnes før det.

 

Vestnes Varfjell har eit jentelag i 16-årsserien, så rekrutteringa med tanke på eit framtidig damelag skulle vere der.