Etter møtet onsdag kveld i Vestnes Idrettspark blei det beslutta å trekke damelaget til VVIL som 11-arlag i 3. divisjon. Ved oppstart i januar var det 34 aktelle damer men dette talet er no nede på mellom 10 og 13 spelarar og det sportslige grunnlaget er derfor ikke lenger til stades. Dagens "krisemøte" , der fem av dei aktuelle damene stil,t vedtok i samråd med trenar og styre å kontakte NRFK med eit ønske frå VVIL om å stille eit 7-arlag i samme seriespelet.
VVIL vil overfor NRFK argumeneter for at det for 2009 vil bli lettare å rekruttere spelarar til damelag dersom vi klarar å halde eit 7-arlag i aktivitet i åretes sessong. Ei avklaring på om dette lar seg gjere vil truleg kome innan få dagar.
VVIL Jenter 16 år, som er eit felleslag med spelarar frå VVIL og TIL, har også svært få aktuelle spelarar pga skadar og sjukdom men er samla sett klare for seriespelet.