Ei kartlegging i fjor viste nær 30 aktuelle namn, men no er det berre 11 sikre kort pluss spelarar frå jentelaget. Stallen må vere på 16-18 jenter for at det skal vere forsvarleg å stille lag, meiner Stokkeland og Svendson. Klubben ønskjer ei snarleg avklaring då det ikkje vil koste noko å trekke laget så lenge det skjer før kretsen har sett opp kampane.
12-13 lag er påmeldt til seriespelet i 3. divisjon for damer. Fotballkretsen har no skissert tre ulike opplegg for seriespelet som dei vil ha tilbakemelding frå klubbane på. Alternativa er 12 klubbar i ein serie og 22 serierundar, dei to andre alternative er oppdeling i to puljer og til saman 15 kampar fordelt på trippel serie eller dobbel serie og sluttspel mellom dei beste/dårlegaste frå dei to gruppene.