Pål Magne Bjørdalsbakke med dei nye Varfjell-flagga.

Kampen for poenga held fram i 4. divisjon. Hardtsatsande Elnesvågen, med tidlegare Vestnes Varfjell-kaptein Amund Stavem i sine rekker, står på motsatt banehalvdel.

Vestnes Varfjell står med berre tre poeng i årets 4. divisjon etter at Frei trakk seg og tre poeng rauk. Laget har fått dårleg betalt i fleire kampar.

Tilsvarande oppgjer i fjor endte med ein sterk heimeseier etter at Knut Stian Eik avgjorde på slutten. Kan me håpe på ein reprise fredag.

Kampstart er klokka 19 slik at du rekk heim til Norge-Italia. Møt opp og hei heimelaget fram til viktige poeng!

Denne gongen kan du heie heimelaget fram med splitter nye Vestnes Varfjell-flagg. Dei kostar 100 kroner per stykk og kan kjøpast i kiosken.